1 Photo - May 20, 2015
Photo: – Roar Rønning (f. 1949) får målprisen til Ørsta Mållag fordi han i alle år har vore ein trufast nynorskbrukar på dei mange områda han har vore aktiv, heiter det i grunngjevinga frå prisnemnda til Ørsta Mållag.

Vidare vert det peika på at som lærar og rektor ved Møre folkehøgskule møtte elevane ein skule som var tufta på norskdom.

–I Roar si tid gav skulen ut ei rekkje velredigerte nummer av lagsbladet Tilet, med Roar som skriftstyrar. Bladet hadde både dagsaktuelt og historisk verdfullt stoff, og Roar skreiv sjølv mange av artiklane, heiter det i grunngjevinga.

Trufast
Roar Rønning har vore ein trufast nynorskbrukar i alt lagsarbeid han har vore borti, og mellom anna sat han 33 år som kasserar i Ørsta Mållag.

Han har også vore i skriftstyret for Jul på Sunnmøre sidan 1983, og stått i spissen for fleire artikkelsamlingar og bøker gjennom soge- og velferdslaget i Hovdebygda.

– Roar står som ein bauta for mange i lokalt lagsarbeid i Ørsta. Det er aldri noko som er halvgjort, og kvaliteten på arbeidet han legg ned er upåklageleg, seier juryen.

Rønning takka for heideren på årsmøtet i Aasen-tunet.

– Det er stor tillit å få noko slikt, og spesielt når eg veit kven som har fått prisen tidlegare. Det gjer ikkje prisen mindre verdfull, seier Rønning.

Han sette pris på at juryen tok fram arbeidet med bladet Tilet.

– Ordet tyder plattform. I folkehøgskulearbeidet var det viktig å stå på ein plattform: norskdom, Grundtvig og folkeopplysninga. Mykje av det som gav spire kom der, fortalde Rønning.

Årsskrift
Likevel understreka han at åra med Jul på Sunnmøre, der han var redaktør frå 1987, og spesielt åra med årsskriftet til Hovdebygda soge- og velferdslag, har vore det mest krevjande.

– I timar er det nok der arbeidet har vore størst. Men det er kjekt, for det er sjeldan ein får nei. Då er det lettare å drive også, sa Rønning.

Saksa frå Møre Nytt