197 Photos - May 14, 2015
Photo: Nynorskstafetten 2013 ved Hovden skule
Måndag morgon 28. januar 2013 skulle alle tilsette i kommunale bygg i Ørsta og Volda starte dagen med å syngje ”Millom bakkar og berg”, høgt, saman og samtidig. På Hovden skule stilte lærarane og elevane opp ved flaggstanga og stemte i denne flotte songen. Slik starta språkstafetten som Noregs Mållag sette i gang for å feire Ivar Aasen og nynorsken.
Elevane på Hovden skule er stolte av å vere frå Hovdebygda. Dei er kanskje litt meir opptekne av nynorskspråket sin far, Ivar Aasen, enn andre elevar i Ørsta og Volda.
På kvelden, denne måndagen, deltok Hovden skule i markeringa i høve Noregs Mållag si markering av Språkåret 2013. Dette gjekk føre seg inne i Ivar Aasen- tunet i amfiet, og i form av eit fakkeltog ute i bygda. Landsstyremedlem og leiar i Ørsta mållag, Terje Kjøde, ønskte velkommen til dei frammøtte og presenterte innslaga. 
Programmet for kvelden var slik:
- Tidlegare leiar for Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, heldt ei glødande tale for nynorsken. 
- Ordførar Rune Hovde gav sine helsingar, og heldt ein fin tale.
- Dalane skulekorps spelte tonar frå nokre av dikta til Ivar Aasen. 
- Marie Lovise Widnes fortalte litt frå gamle dagar og song nokre barnesullar.
-To av elevane i 5. klasse, Astrid Margrete Hovde og Borge Skurtveit, deklamerte diktet ”Gamle grendi” av Ivar Aasen. Desse to elevane hadde øvd mykje og godt, og dei hausta stor applaus frå dei frammøtte. Dei las diktet både med klar og høg røyst, og med god innleving. I etterkant har dei også blitt spurt om dei kan tenkje seg å stille opp i andre høver. Me frå Hovden skule synest sjølvsagt at dette innslaget var det ekstra flott. 
Etter programmet inne i Aasen-tunet, så gjekk dei frammøtte i fakkeltog. Elevar, lærarar og føresette gjekk i tog frå Aasen-tunet og ned Indrehovdevegen mot Volda og attende til Aasen- tunet. Der blei toget møtt av eit lite mannskap frå NRK-Møre & Romsdal som filma hendinga. 
Mange av elevane fekk sjå seg sjølve att på film denne kvelden, gjennom NRK Møre og Romsdal lokalnytt, og det var stas.
Me må også få nemne at Hovden skule har byrja tenkje på markeringa av at det er 200 år sidan Ivar Aasen blei født. Alle tilsette og elevane gler seg til å ta fatt på denne markeringa.

Du kan sjå bilete til denne artikklen i Skrift nr. 22.Photo: I desember 1945 kom Jon Aasen med oppmoding til Hovdebygda  Ungdomslag om å reise ein bautastein over Anders Hovden.  Det vart valt ei nemnd, og i januar 1946 samlast om lag 40 sterke karar hos Syver Aasen i Fremre-Åsen. Han hadde ein høvleg stein ovanfor tunet sitt. - Med spett, tog og kjetting greidde dei å få den nesten åtte meter lange kjempa ned til bilvegen. Knut Innselset var bas for dugnadsgjengen. Ola Nordmann Strømme var med, og han dikta eit kvad på seks vers om tilburden. Fyrste verset lyder slik:
Han Anders Skald får bautastein
av heime-Hovdegrenda
I Fremmer-ås der fanst det ein
upp i det bratte lende.
Der hev han  lagt i tusen år,
halvt skild frå berget ved ein går.
No han den store heider får 
for Hovden stå på ende.
Ute på Jobakken i Ytre-Hovden vart det grave hole for steinen.   Der kom dei rett ned i grua i Karlstova der «Karl-Anders» kom til verda i 1860. Sundag 4. august 1946 vart steinen avduka av Olav Gullvåg. Elles tala Øystein Hovden, sonen til Anders, og den 70 år gamle Arne Digernes steig fram og song: «Handi hans far min» med klar og vakker røyst.

Ola Nordmann Strømme sa fram sin eigen meisterlege prolog som byrja slik:

Anders Hovden , sol og vind
Galdhøpigg og Glitretind

Anders Hovden, ørneveng,
Fossegrim med harpestreng.

Anders Hovden, Sunnmørsfjella
 Furkenholm og fiskesella.
Anders Hovden, bjørkablad
Song i lund og ungdom glad.

Anders Hovden, Heim og hamn.
Brødrekjærleik – faderfamn!

Anders Hovden (1860-1943) var ein fargerik person, landskjend folketalar, prest og diktar. Sambygdningen Ivar Aasen hjelpte han med pengar slik at han fekk gjennomføre studia sine fram til embetseksamen. I boka Odd skildrar han oppveksten sin her i Hovdebygda. Elles bør du lese sjølvbiografien hans Attersyn dersom du vil lære han betre å kjenne.
Teksta er henta frå:  Turstiar og Kulturminner i Hovdebygda og Jens Kåre Engeset si forteljing om korleis bautasteinen vart funnen og reist.Photo: Born frå Hovden skule legg ned blomar ved bautastein over Anders Hovden 17. mai 2012.

Anna kvar 17. mai  går folketoget  i Hovdebygda til Ytre-Hovden og Ivar Aasen-tunet. Der skuleborna legg blomar ved bautasteinane over Anders Hovden og Ivar Aasen.Photo: På steinen står det:
Anders Hovden 1860 – 1943. Heimatt til far. Heimatt til mor. Heimatt til fedreland.Photo: Leikeplassen er i dag ei gras- og lyngvaksen flate på om lag 15x20m som ligg litt lågare enn berget som omkransar plassen.  Plassen ligg 170 m.o.h. (Høgste punktet på åsen er om lag 180 m.) Leikeplassen med dei litt høgare bergknattane i kring, utgjer nesten eit naturleg amfi og vart nytta til spel, leik og dans. Den var også nytta som møteplass for losje- og søndagsskulemøte.
Ei mindre flate som ligg ca.  2 m høgare enn Leikeplassen vart nytta som plass for pinse- og jonsokbrisingar.  Det er fortalt at forklaringa på at plassen er så jamn og slett,  er at nokre ungdomar  fann ut at dei ville bruke den til krokettspel.   Difor bar dei finsand i sekkar frå fjøra og opp til leikeplassen.  Her vart sanden spreidd utover slik at plassen skulle verte så jamn og slett at det kunne spelast krokett på den.  Plasssen  vart  også meir høveleg til andre aktivitetar.
(At dei bar sekkane frå fjøra og heilt opp på plassen er lite truleg, dei nytta nok hest og vogn eit godt stykke av vegen. Dette vart gjort  kring 1920. Men plassen var nok i bruk før det.)

Den tida brisingbrenninga var mest i vinden, møttest ungdommane om kveldane god tid i førevegen for å samle brensel til bålet. Det å møtast til "bålsanking" var ein del av moroa og spenninga for ungdommen og eit høve til å treffast. Ei tid var det også konkurranse med ungdommane  i Ytre-Hovden om kven som hadde det største bålet.   Dei hadde sitt eige på "Akslahylla". 
Tradisjonen var at bålet skulle tennast slik at flammane var på sitt høgaste ved midnatt. Men jenter og gutar møtte opp i god tid og lenge før den høgtidlege handlinga. Det var nok viktig med bålet, men andre grunnar var vel så viktige, som leik, flørt og kanskje dans i vakre vårkveldar.
 
Det er lenge sidan det vart slutt på denne tradisjonen. Men leikeplassen vert framleis brukt. Den ligg som ein naturleg rasteplass for born og vaksne som nyttar turstien over Indrehovdeåsen til turar, trim og trening både sommar og vinter. For barnehagane og skulane i Hovdebygda og i sentrum er den eit populært turmål.Photo: Leikeplassen sett mot aust. Brisingplassen ligg  til venstre for turstien  der denne kjem inn på leikeplassen.Photo: UtfluktPhoto: Mosmarka barnehage på tur til Leikeplassen på Indrehovdeåsen i juni 2012.Photo: Hovdebygda søndagsskule på utflukt til Leikeplassen på Hovdeåsen 
ein gong på 1970-talet. Bak kan ein kjenne att Karl og Jolaug Fagerhol.Photo: Bergljot og Hallfrid voks opp på eit småbruk ved Hovdevatnet saman med besteforeldre, mor og far og yngstebroren Asbjørn.
Faren Anders var lærar, medan mora Hilda var heime og stelte hus og dyr. Det vesle bruket høyrde i si tid til Strømme-jorda, og vart kalla Kalvegjerdet. Bestefaren braut i si tid opp jorda, som er godt ivaretatt av noverande eigar Asbjørn.
Hallfrid var den eldste, og gjekk realskule i Ørsta etter folkeskulen. Ho sykla to år i allslags vêr og vind frå Ytre-Hovden til Ørsta. Deretter vart det gymnas og lærarskule i Volda.
Før lærarskulen var ho lærar i Herøy kommune ved krinsane Eika og Skorpen.
Etter endt lærarskule tok ho til som nyutdanna lærar i Follestaddalen. Dei første to vekene sykla ho frå Ytre-Hovden til Follestaddalen kvar dag. Skal tru om vi hadde gjort det i dag?
Hallfrid slutta i Follestaddalen etter åtte år. I mellomtida hadde ho gifta seg med sjømannen Leif Eiksund, og fått tre kjekke jenter.
Hallfrid og Leif bygde seg hus i Hovdebygda, og Hovden skule vart hennar neste arbeidsplass. Ho avslutta si lærargjerning etter nesten 30 år ved Hovden skule. Hallfrid var stolt av yrket sitt, glad i elevane, og ho har aldri angra på yrkesvalet sitt.
Ein tidlegare elev sa dette om Hallfrid: Ho var ein god lærar og hadde god humor. Ho var opptatt av at vi passa oss for bilane på skulevegen, og ikkje sykla to på ein sykkel. Kom heller ned til meg og få plommer og epler i staden for å gå på slang.
Hallfrid og Leif fekk mange gode pensjonistår i lag. Hytta deira på Eika vart flittig besøkt, og var deira andre heim. 
I eit langt liv opplever ein både gleder og sorger, og for Hallfrid og Leif var det eit hardt slag då dei miste eit barnebarn. Det er vanskeleg å forsone seg med.
Livet må gå vidare, seier Hallfrid, og i dag er det strikking og hagen som opptek livet mitt utanom familien. 
Trur vi kan seie at Hallfrid og Bergljot er dei einaste i bygda som har potetåker i ein alder av 80 og 83 år.
Bergljot (Bella) valde eit heilt anna yrke enn søstera. Ho var lei skulegang då ho var ferdig med folkeskulen, og hennar første arbeidsplass vart kleklypefabrikken på Digernes.
Diverre brann fabrikken ned i 19  . Til ny fabrikk vart oppbygd hadde ho arbeid ved Ørsta Tricotagefabrikk.
Bella gifta seg med sjømannen Jarle Sandvik i 1951. I 1953 fekk dei tvillingane Hilde og Petter, og i 1956 kom Koldis til verda. Ja, då hadde ho hendene fulle heile døgnet.
Ungane voks til, og Bella ynskte meir å gjere. Då kom det kleklypemaskin i heimen, og heile familien var med til å bidra. Bella hadde også nokre arbeidsår på utsalet til Konvallfabrikken.
Til slutt arbeidde ho nokre gode år i Hovdebygda barnehage før ho pensjonerte seg 68 år gamal.
Bella sin store lidenskap har vore aktiviteten på ungdomshuset med eit utal revyar og spelstykke. Ho er fødd skodespelar. Alle kjenner Bella. Ho er ein uredd og flink skodespelar.
Bella har ingen fritidsproblem, sjå berre på hagen. Trappa er så full av blomster, ein kjem nesten ikkje inn. Potetene er tatt opp, og no ventar ho på ei rolegare tid. Ho ser ikkje fram til vinter og snømåking.
Dette har vore ei forteljing om to aktive hovde-damer, omgjengelege og opptatt av bygda sitt ve og vel. Diktaren Hallfrid og opplesaren Bella.Photo: Bergljot Sandvik, t.v. og Hallfrid Eiksund utanfor huset til Bergljot i Rystene. (Foto: Gudny Fagerhol.)Photo: Hallfrid Eiksund, t.v., og Bergljot Sandvik kosar seg i kvarandre sitt selskap. Dei er nære grannar i Rystene. (Foto: Gudny Fagerhol.)Photo: I skrift nr 21(2012), skreiv Ingrid Hovden (f. Skjegstad) om livet på garden i Ytre-Hovden, frå gamalt av og fram til i dag. Eg hadde ein del samtalar med Ingrid i samband med artikkelen og albumet som vart presentert. Ingrid vart fødd og oppvaksen på garden Skjegstad i Tresfjorden. Ho har derfor kjøpt sogeskrifter frå Romsdal sogelag. I sogeskrift frå 1988 viste ho Oddmund Hovden ein artikkel frå ei dagbok (brev) skriven av Lars Skjegstad (1831-1909).  Han var frå nabogarden i Tresfjorden og skreiv til saman 27 brev om livet sitt frå barndom til pensjonist. Han var utdanna lærar, og arbeidde i skulen i Molde, Tomrefjorden og Vestnes.  I 1857 fekk han lærarstilling på Hammersborg skole i Oslo. I sogeskriftet frå 1988 er det teke med breva frå nr 11 til 27, og omtalen har fått overskrifta: «Fra gjeterliv i Tresfjorden til skolestua i hovedstaden».  I brev nr 25 fortel Lars om samværet han hadde med Ivar Aasen i Oslo.  Artikkelen er attgjeven slik Lars Skjegstad skreiv den, og det er klarert med Romsdal sogelag v/Bjørn Austigard.

Les heile artikkelen i Bok nr. 22. Kan kjøpast i bokhandel eller hos Oddmund Hovden.Photo: Lars Skjegstad som 52-åring. Skjegstad var ven med Ivar Aasen. (Foto frå Romsdal Sogelag årsskrift 1988.)Photo: Hammersborg skole er ein tidlegare grunnskule i bydel St. Hanshaugen i Oslo. Skulen vart teken i bruk som allmue- og fattigskule i 1806. I 1861 vart skulen nedlagt, og elevene vart flytta til Nordre skole, som no heiter Møllergata skole.Photo: Anders Ryste – ein markant hovdebygding har runda 100 årPhoto: Anders Ryste – ein markant hovdebygding har runda 100 år
Anders Ryste som runda 100 år den 1. september i år, har gjennom gjennom over 70 år vore  eit svært samfunnsengasjert, skrivande og systemrefsande menneske.  Han voks opp i Rystene i Hovdebygda. Ei mengde avisartiklar i dei fleste av landets aviser, frå tidleg på 1930-talet og til han var langt over 90 år, talar sitt tydelege språk. Han har gjeve ut ti bøker, og ikkje minst var han redaktør frå 1966 til 1998 for avisa Samfunnsliv, som var tufta på Bertram Dybwad Brochmann sine idéar om ny ei samfunnsorientering. Etter at han gjekk av som redaktør, heldt han fram som disponent og hjelperedaktør heilt til avisa vart nedlagd i 2010.
Etter  fullført gymnas i Volda gjekk turen til Molde og vernepliktsteneste der. På Molde stifta Anders Ryste for fyrste gong kjennskap til Bertram Dybwad Brochmann og teoriane hans.  
Anders hadde hug til ei utdanning, men det var tronge kår heime, så han måtte finansiere studia sine sjølv. Dette gjorde han ved å ta seg arbeid som matros på fyrvesenet sin båt Skomvær. Då var han i teneste for fyrvesenet halve året, og kunne samstundes immatrikulere seg som student ved Universitetet i Oslo. Han byrja å studere sosialøkonomi, der Anders sin hovudinteresse låg. Det var studiet i sosialøkonomi som vekte åndsopprøraren i han, og gjorde han til åndsfrende med Brochmann. 
Anders var halvårsstudent i åra frå 1935 til 1940. Krigen kom og snudde opp ned på det meste. Anders Ryste reiste frå Oslo og universitetet våren 1940 etter den tyske okkupasjonen. Han drog heim til Hovdebygda. Anders starta då RY-fabrikken, og produserte ymse treartiklar, som i all hovudsak vart leverte gjennom Husfliden i Ålesund. Anders dreiv fabrikken fram til krigen slutta, då broren Jon overtok. 
Anders byrja då i eit engasjement for avisa Samfunnsliv i Ålesund, der Peter Hoff var redaktør. Samfunnsliv var ei sosialpsykologisk avis, grunnlagd i 1931, basert på Bertram Dybwad Brochmann sine samfunnsteoriar. Bertram Dybwad Brochmann og Anders Ryste
Anders har hatt ein lang karriere i skuleverket etter sitt fyrste engasjement for avisa Samfunnsliv i Ålesund etter krigen. Det vart fyrst fem år i den gamle folkeskulen, før turen  i 1956 gjekk til Ørsta Yrkesskule, der Anders var fram til han pensjonerte seg i 1981.
Det brennande engasjementet og hugen til Anders Ryste, er likevel fyrst og fremst knytt til den ”Brochmannianske” rørsla. Då Anders i ein alder av 52 år tok over redaktøransvaret i ”Samfunnsliv”, så var det byrjinga til 32 samanhengande år som redaktør. Anders gav også ut fleire bøker, og store brosjyrar, alle om den nye samfunnsorienteringa. Anders har også gjennom fleire tiår vore ein aktiv foredragshaldar, Engasjementet er framleis skikkeleg levande hjå Anders, og gløden i augene sterk, når praten kjem inn på politikk og samfunnsrørsla sine økonomiske teoriar. Då får ein merke at Anders Ryste føler han har mykje ugjort, og at han endå har klåre meiningar om korleis samfunnet burde ha vore organisert.Photo: Oddvar Straume 100 år

Oddvard Straume fylte 100 år den 17. oktober. Vi vil gjerne gratulere han med overstått med å prente orda nedanfor som Jens Kåre Engeset skreiv om han i bok nr. 17 i 2008. 

Oddvard vart fødd i Hovdebygda i 1913. Han bur no i Desert Hot Springs i Calefornia., der han har eige hus og har budd i mange år. Foreldra er Ingeborg f. Fallmyr (1891-1992) frå Rissa og Karl Straume (1877-1968). Dei fekk seks born, fem døtre og ein son (Oddvard), alle med kunstnarevne: Astrid (1910-2007), Inger (1917–1994), Turid (1919–1942), Gulldis f. 1921 og Kjellrun f.1928. Ho bur i barndomsheimen ved Hovdevatnet.
Oddvard vart gift med Ørsta-jenta Ella Clausen (1917–2005) i 1938. Dei har to born: Dag f. 1939 og Tore f. 1945. Dessutan har dei sju borneborn og mange oldeborn.

Kunstnaren 
Oddvard vart fødd inn i kunstnarslekta med etternamna Strømme, Straume og Hovden (Anders Hovden). Han har nok fått impulsar både frå faren og frå andre i familien og slekta. 
Første læremeistrane hans var Leon Aurdal og Bernt Tunold. Han gjennomførte mange studiereiser både i Europa og i Amerika. 
I 1938-39 studerte han ved Kunstakademiet i Paris hos dei kjende kunstnarane Friesz og Bornelle, dei same som faren, Karl, studerte hos ei tid. Elles vitja han Nederland, Belgia, Spania, Portugal, Sveits, Danmark, Sverige og Tyskland. Han gav uttrykk for at det som imponerte han mest var Kølnerdomen (Intervju 1993).

Glasmåleria i Ørsta kyrkje, eit jubileum             
I år er det 50 år sidan han laga dei åtte glasmåleria i Ørsta kyrkje. Før hadde han laga 20 måleri i Ålesund kyrkje og eit Kristusbilete til Ålesund gravkapell, før han fekk oppdraget her i Ørsta.
Oddvard gjekk då i samarbeid med glasmeisteren Nygård ved firmaet Ellingsen & Sønn i Ålesund. Det var eit stort og krevjande arbeid der dei nøye vurderte kvar einskild glasbit for skjering, farging og sliping, I dag kan me som soknar til kyrkja vår glede oss over kunstverka med dei bibelske tekstane. 
Oddvard vart etter kvart med på mange utstillingar med arbeida sine. Såleis mellom anna i Sunnmørsutstillinga (1989) og Vestlandsutstillinga. 
Han har også vore representert på Statens haustutstilling. Nemnast må også at han i 1951 laga ei utsmykking til Ørsta Trikotasjefabrikk
Oddvard var formann i Møre kunstlag i 1952-53.

Norskamerikanaren
Oddvard drog for alvor til Amerika og vart norskamerikanar. Han har budd ulike stader der vest.frå 1952.
 Dei busette seg i Seattle i 1959, der dei hadde eige hus og budde i mange år. Så i Yukon i Alaska nokre år, og vidare i Desert Hot Spring i Calefornia og Vancover i Canada. Der var han oppteken av indiansk kunst og kultur. I nokre år arbeidde han som snikkar i Canada. Det var godt betalt, og dermed fekk han midlar til arbeidet med kunsten. (Intervju 1993)
Han var også på studiereise til Peru i Sør-Amerika.  Han var interessert i kunsten og kulturen til Inka-indianarane..

Hovdebygdingen
Norskamerikanaren har ikkje gløymt røtene sine i Hovdebygda og i Ørsta. Fleire gonger har han vitja gamlelandet og Gamlegrendi, sist i 1993. Då hadde eg gleda av å møte han og få ein god samtale.
Det som slo meg var kor godt og ekte han meistra den gode, gamle Ørsta-dialekten. - Eg skulle berre ha hatt opptakarutstyr!
Jens og Johanne Brautaset, som i mange år har budd i Seattle, har god kontakt med Oddvard. Dei var no i oktober heime på Brautaset, og kunne fortelje at.dei no i september hadde møtt Oddvard som no er 95 år, men likevel vital (sjå foto!). Han var sterkt oppteken av heimbygdene, slekta si og barndomsheimen ved Hovdevatnet.

Kjelder:
Skrive i samråd med Kjellrun og Gulldis Straume. Gulldis, som bur i Seattle, er heime no i oktober, 2008. 
Skriftleg kjelde: Norsk kuntnerleksikon, 1956.
Møre-Nytt, 1990 og 1993.

Om Oddvard Straume i faldaren for Sunnmørsutstillinga 1989:
Utstillingar: 
Statens Kunstutstilling, debuterte 1934, deltok for femte gong 1950, og dermed medlemskap og stemmerett i Bildende Kunstneres Forening.
Vestlandsutstillinga fleire gonger. 
Missao International de Arte vandreutstilling. 1949. 
Fleire separatutstillingar.
Utsmykkingar: 
Altertavle til Nørve kapell.
Glasmåleri til dørene og sakristiet i Ålesund kirke.
Glasmåleri i Ørsta kyrkje.
Utsmykking i matsalen til Ørsta Tricotagefabrikk (no på Vikemarka skule).
Medlemskap: 
Var medlem av Møre Kunstnarlag, styremedlem 1946-51, og formann 1950-51.Photo: Oddvard Straume, f. 1913. (Fotoet er utlånt av Kjellrun Straume.)Photo: huset til Johanne og Jens Brautaset i Lake Mecmurry Mount Wernon,Washington.  Frå venstre: Johanne Brautaset, Oddvard Straume og Dag Straume. (Foto: Jens Brautaset, september 2008.) (Kjellrun Straume har lånt ut fotografiet.)Photo: I og ved steingarden som markerer bytet mellom bruka på gard nr 62 på Indre Steinnes, står i dag to bautasteinar. 
Den nedste, nærast sjøen, er 2,1 m høg og 0,8 m brei. 
Omlag 8,5 m ovanfor står ein slankare og høgare stein, 2,5 m høg og 0,4 m brei.

Steinane er særs gamle, kanskje meir enn 1500 år, men vi har ikkje nokon tradisjon om når og kvifor dei vart reist. Ymse fagfolk har gjennom tidene granska steinane, men ingen har kunna seie noko konkret om kor gamle dei er. Utan om ei innskrift frå nyare dato, er det ikkje funne spor etter skrift eller andre teikn på steinane1). I Noreg er bautasteinar oftast datert til folkevandringstid, vikingtid eller tidleg middelalder, dvs eit tidsspenn på 700-800 år, og vi må rekne med at steinane på Steinnes vart reist i denne perioden. Ein bautstein vart gjerne sett opp til minne om ein hovding eller stormann, ofte som ein markør på ei grav. I Heimskringla skriv Snorre at dette var ein del av gravskikken i brennalderen, og Håvamål gir oss óg ein peikepinn om formålet med steinane: «Sjeldan bautasteinar nær brauti stend, utan frendar fekk dei reist» 2). 

1) På den nedste steinen vart det i 1883 hogd inn namn og årstal. Etter berre 130 år er teikna alt vanskelig å lese på grunn av forvitring, og det er difor ikkje umogeleg at ein eller begge steinane har hatt innskrifter frå gamal tid, som har forvitra gjennom hundreåra.

2) Siste delen av vers 72 i Håvamål, på nynorsk etter Mortensson-Egnund si omsetjing. Den norrøne teksten er slik: .. sjaldan bautarsteinar standa brautu nær, nema reisi niðr at nið.


På Indre Steinnes er det blitt registrert særs mange gravrøyser, og på sjølve neset, der dei to bautasteinane står i dag, fanst det i 1880 minst 10 røyser, mellom dei ei langrøys som var 22 m lang og 7 m brei. Berre ei av gravrøysene er datert; arkeolog Lars Stenvik grov ut ei røys i 1978 og daterte henne til siste del av yngre romartid (4. hundreår).   

Ein reknar med at ei gamal stormannsætt3) hadde sætet sitt på Steinnes, og på 1400-talet og tidlegare kan alle gardane i Ytste Ørsta ha vore ein eigedom. Så seint som i 1602 åtte «Steinnesætta» i alt 47,5 mællag4) odelsgod i ytste delen av Ørstafjorden. Steinnes må ein gong ha vore ein sentral stad på Søre Sunnmøre, i knutepunktet mellom Vartdalsfjorden, Rovdefjorden, Voldsfjorden og Ørstafjorden, og rett under Lidaveten, eit av dei gamle vardefjella på Sunnmøre. 

3) Ivar Myklebust skriv i «Ørsta» om Steinnesætta: .. men alt jordegodset dei åtte i gardane ytst ved Ørstafjorden, tyder på at me her skimtar resten av ei gamall stormannsætt, som må ha havt sætet sitt på Steinnes.

4) Mællag var eit mål for landskyld (4 mællag = 1 våg fisk).  Steinnesgodset var såleis ei av dei store samlingane av jordegods i Ørsta på byrjinga av 1600-talet, og utgjorde kanskje 12-15 gardsbruk.

Dei mange gravrøysene og bautasteinane på Indre Steinnes viser at ein må karakterisere neset som eit gravfelt, som og må sjåast i samanheng med dei mange gravene på Ytre Steinnes og Raudøya. Gravfelta, og tingstaden, låg gjerne i nærleiken dei sentrale storgardane og dette styrker inntrykket av Steinnes som eit viktig maktsentrum i jarnalderen og tidlegare tider.
Her må ha levd framståande menn i tidleg middelalder og før, men i dag veit vi ikkje noko om kven dei var. Visseleg kan det tenkast at steinane vart sett opp til minne om ein slik stormann, anten som frittståande monument, eller på ei gravrøys som no er borte. Ein kan også tenke seg at ein eller fleire av dei kunne vere meint som monumentale markørar av makt og mynde, på kjernegarden til eit stort odelsgods. 
Men det var heller ikkje uvanleg at ein bautastein hadde andre formål; han kunne markere eit grenseskilje, eller vere til minne om ei uvanleg og tidskiljande hending på staden. 

Bilde: Dsc01974a.jpg
Bautasteinane, slik dei står på Indre Steinnes i dag. Steinnessundet og Raudøya i bakgrunnen.  (foto M. Furseth)

Registreringar 

Presten Hans Strøm var truleg den første som skreiv om bautastein på Steinnes.  I ei notisbok, Annotations Boog over de Merkværdigheder som udi Syndmørs Fogderie forefindes (Anno 1756) skreiv han «Paa Stenæs en stor 4,kantet Steen opreyst som er en halvanden favn høy».
I 1766 kom boka «Søndmørs Beskrivelse» (bind II) der han nemner at på garden «Steennæss i Ørstens Sogn» står ein bautastein, som han vidare omtalar slik: ... meget høi og smal Steen (uden Tvivl en Baute-Steen) som der staaer opreist .... 
Som ein kuriositet kan vi nemne at Hans Strøm tykte bautaen var så dominerande, at han meinte å kunne tyde namnet «Ørsta» frå denne steinen! Han viser til gamle handskrifter der namnet vart skrive «Ørsteen» og meinte namnet då kunne  «utleedes af Ør eller Our (grov sand) og denne merkelige Steen, som staar just ved Indløbet of Fiorden og Sognet».

Vi må her legge til at når Strøm berre nemner garden Steinnes,  veit vi ikkje om han meiner steinen som stod på Ytre Steinnes, som no er borte, eller om han skriv om ein stein på Indre Steinnes. Bendixen registrerte i 1880 ein bautastein på Ytre Steinnes som låg nede, og truleg låg han og nede i 1756 slik at steinen som Strøm fann, var den høge og slanke steinen som stod, og framleis står, på Indre Steinnes.

Seinare har vi registrering av steinane på Indre Steinnes i ymse publikasjonar:

Arkeolog Nicolay Nicolaysen skreiv i boka Norske Fornlevninger (1862–66) at  -- Paa Stennes stod endnu i 1861 en bautasten.

Omkring 1880 skreiv arkeolog B. E. Bendixen om to bautasteinar på Indre Steinnes. Den eine, 2,25 m høg, stod 5 skritt nedanfor ei 12 m vid gravrøys, og «lidt nedenfor» låg ein annan «tildels knust» og 3 m lang stein. 

I tinglysingsdokument av 24. april 1897, er ei formulering slik: «De 2 på Stennes staaende «Bautastene» skal stedse staa urørte. Falder nogen af dem ned, skal parterne hjælpes ad med at reise dem igjen.»

Arkeolog Per Fett nemnde begge steinane då han i 1947-1948 registrerte forhistoriske minne på Sunnmøre, i heftet om Ørsta Prestegjeld.

I seinare tid undersøkte arkeologistudent Trude Knutzen (no: Knagenhjelm) bautasteinane på Steinnes i 2004 då ho skreiv hovudfagsoppgåve om bautasteinar på Sunnmøre. Ho registrerte at dei to steinane som no står på Indre Steinnes er 2,5 m og 2,1 m høge og at dei stod nær kvarander med 8,5m avstand. Ho karakteriserer steinane som monumentale på grunn av høgda og det opne landskapet, og trur helst at dei har vore markørar av graver. 
Ho leita og etter ein tredje stein som Bendixen (1880) og Fett (1947) hadde registrert lenger inne ved fjorden, men fann han ikkje og rekna han dermed som tapt....

Du kan lese meir om desse steinane i bok 22.Photo: Den øvste steinen (nr 1). Utsikt mot Raudøya og Vartdalsfjorden. (foto: M.Furseth)Photo: Bilde av stein nr 2. Utsikt mot Liadal. (foto: M.Furseth)Photo: Den nedste bautasteinen, fotografert i 1992. Bildet er henta frå boka Jomsvikingslaget av M.Furseth. Utsikt innover Ørstafjorden og mot Lianeset.Photo: «Kjempesteinen» var kanskje ein naturleg stein, men kan ha hatt funksjon og utsjånad som ein bautastein.  Han var ca 1,65 m høg, 80cm brei, 55cm tjukk og stakk ca 50cm ned i jorda.
Teikninga er laga av Nicolai Steinnes, slik han hugsa at steinen såg ut. Han var om lag 10-15 år gamal då steinen var sprengt bort.Photo: Bilde av ein mogleg bautastein som ligg nede ved ei steinrøys på Garneset. Steinen har aldri blitt nøyare granska.  (foto: M.Furseth)Photo: Bilde som viser ein av steinane som har vore ein del av steinringen rundt det ein trur kan ha vore ein tingstad på Indre Steinnes.  (foto: M.Furseth)Photo: Dei to steinane som er att av steinringen. Fleire andre liknande steinar ligg nede i området. Det er nokså attgrodd og vanskeleg å sjå korleis ringen kunne ha sett ut. (foto: M.Furseth)Photo: Kart over Steinnes og Berkens, henta frå avhandlinga til Trude Knutzen (2004). 
Bautasteinane på Indre Steinnes rettar seg visuelt mot ytste delen av Ørstafjorden.Photo: Illustrasjon av korleis ein kunne tenke seg at gravrøysene, steinringen og bautasteinane var plassert på Indre Steinnes. Steingarden er ikkje innteikna. (teikning: M.Furseth)Photo: Bilde som viser bautasteinane slik dei står i dag. Liadalsnipa i bakgrunnen.
 (foto: M. Furseth)Photo: Albumet frå Olagarden i Store-Rystene tek utgangspunkt i Knut Innselset (1879-1966). Han var først gift med Gina Johanne Olsdotter (1881-1930), og ho voks opp på garden. Faren hennar heitte Ola, og det er han garden har fått namn etter. Knut gifte seg så med Ingeborg Marie, f. Berg (1883-1978). 
Knut og Gina hadde fem born: Ole, som døydde som spebarn, Alvhild g. Ryste, Odrun g. Bjørlo, Olav og Per.
Olav vart den neste brukaren av garden. Han var gift med Alfhild, f. Rebbestad, og dei fem borna er: Gunn, Knut Olav, Arve, Rune og Anne Elkisabeth. Knut Olav og kona Sølvi, f. Myrene, hara garden no.Photo: Flyfoto av husa på garden, trur det er teke rundt slutten av femti- eller byrjinga av sekstiåra.Photo: Huset til Alfhild og Olav.Photo: Knut og Ingeborg.Photo: Ein av dei første bilane på garden, ein Austin.Photo: Olav på sykkeltur.Photo: Olav var også ein ivrig skihoppar.Photo: Olav på slåtteteigen.Photo: Knut og Ingeborg med hund ved hagegjerdet.Photo: Bakerste rekke: Oddrun Bjørlo, Gjertrud Ryste, Alfhild og Olav og Oddbjørn Ryste.
Midterste rekke: Arve, Gunn og Guri Bjørlo.
Fremste rekke: Knut, Knut Olav, Rune, Anne og Ingeborg.Photo: Hovdebygda fotballag, der Olav spelte.Photo: Løa og gamlehuset.Photo: Knut Olav på hesteryggen. Arve går ved sida av.Photo: Solveig Rebbestad står med sykkelen, sonen Helge sit på. Oddrun Bjørlo i høyvogna saman med dottera Guri, Gunn Iren Innselset, og nokre ukjende. Olav kviler seg på bakken, Alfhild står bak vogna.Photo: I båten sit Oddrun fremst, Olav med årane, Per og Alfhild bak.Photo: Gamlehuset og løa sett frå sjøsida.Photo: Lov om registrering og merking av fiskefartøy vart vedteken 5. desember 1917 og vart sett i verk 15. oktober 1920. Kvar kommune skulle vere eit merkedistrikt med sitt eige merke. Merkenummera var ein kombinasjon av fylkesbokstaven + eit tal + merkedistriktbokstaven – til dømes M 1 Ø, der M står for Møre og Romsdal og Ø for Ørsta.
	Før 1. januar 1964 var det tre kommunar/merkedistrikt i det som vart storkommunen Ørsta: Hjørundfjord med merket HF, Vartdal med VD og Ørsta med Ø. Kommunesamanslåinga medførte at det også vart eitt merkedistrikt som fekk namnet Ørsta, men med merket VD. Det førte til dømes til at Alken sitt merke vart endra frå M 40 Ø til M 6 VD, og liknande endring vart gjort for Viktory.
	Nokre av dei Steinnes-personane som er nemnde nedanfor, budde rett nok på Nørestranda eller andre stader, men dei er tekne med her ”for samanhengen si skuld”. Lenger inne på Sørestranda ser det til å ha vore registrert berre ein båt (Svanen) i Selbervika).
	Oversynet nedanfor omfattar berre dei båtane som vart merkeregistrerte.Photo: Protokollen for Ørsta merkedistrikt syner mellom anna at merke nr. 3 (M 3 Ø) først høyrde til Aksel som var registrert på Sivert R. Steinnes, Albert A. Steinnes og Jakob R. Steinnes, men at båten vart omregistrert til Haram i 1925. Merket vart så tildelt Reidulf som kom frå Haram i januar 1927 og som var eigd av John E. Johnsen, Sverre E. Johnsen, Ivar M. Liadal og Odin M. Mork. Seinare har også Solon (Ole Kvalsund) og Havblikk (Lars Liadal og så Johan Remmen) hatt dette nummeret.Photo: M 34 Ø Dici. – Båten som tilhøyrde Sverre R. Steinnes, hadde installert motor og hadde ei kahytte framme. På biletet vert det drive jakt på størje. Geværet har harpunspyd med line til ei stor seilduksblåse. Vanlegvis prøvde den skadde størja å symje vekk og nedover i djupet så lenge kreftene heldt, men seilduksblåsa synte kvar størja var. (Bileteigar og -opplysningar: Bjørn Winjevoll)Photo: M 34 Ø Dici. – Biletet er teke i samband med gravferda til 22 år gamle Steinar R. Steinnes 19. april 1940. Hatten til venstre tilhøyrer Sverre R. Steinnes, og deretter ser ein Lena Steinnes (f. Nilsen) som var gift med Ingvald R. Steinnes, Berta Vinjevoll (f. Steinnes), Ingvald R. Steinnes og Petter Steinnes. (Bileteigar: Bjørn Winjevoll)Photo: Egil – M 20 Ø
– før M 190 HØ

41 fot lang, 13 fot brei og 7 fot djup kuttar bygd av furu og eik i Rosendal i 1911. Han hadde to master og ein dory. Tonnasjen var på 21,04 bruttotonn, og båten hadde opphavleg ein 4 HK Dan-motor. 7. august 1942 vart det registrert at båten hadde fått innsett ein 20 HK Avance-motor.
	Ved opprettinga av merkeregisteret i 1920 fekk båten merket M 190 HØ (Herøy) og var eigd av Johan O. Eiken i Eiksund. Denne grenda høyrde då til Herøy kommune.
	Egil vart overført frå Herøy til Ørsta merkedistrikt 9. april 1923. Her fekk han merket M 20 Ø, og registrerte eigarar var Sivert R. Steinnes, Albert A. Steinnes og Jakob Raudøy. Albert A. Steinnes sin soneson, som også heiter Albert A. Steinnes, opplyser at det var fire personar som kring 1923 tok opp lån for å kjøpe båten frå Herøy: Albert A. Steinnes, Jakob S. Raudøy, Rasmus A. Steinnes som var far til førnemnde Sivert, og Elias S. Bjørneset. I registreringsprotokollen står det at båten skulle nyttast til kystfiske. 
	12. desember 1945 vart Egil i flg. registreringsprokollen for Ørsta merkedistrikt seld til Arne Holtenes i Selje, men båten finst tilsynelatande ikkje i den neste registreringa til Fiskeridirektøren i 1948 verken i Sogn og Fjordane eller i dei nordnorske fylka. Det har nemleg vorte sagt at Egil skal ha vorte seld i 1945 – som altså er rett – til ein mann på Stadlandet, men året etter skal båten ha vorte vidareseld til Nord-Noreg.

M 20 Ø Egil. – Biletet er teke av Guttorm Foldal ved Haugesund i 1923 (?). Registreringsmerket M 190 HØ  fortel at båten framleis var heimehøyrande i Herøy, men mannskapet syner at båten no var overteken av ørstingane: Ved rorhusdøra står Sivert R. Steinnes. Dei andre er frå venstre Anders R. Steinnes, Ingvald R. Steinnes (kokk), Albert A. Steinnes, Johannes S. Steinnes, Nikolai P. Steinnes, Jakob S. Raudøy. (Personopplysningar: ved Albert Alfredson Steinnes).Photo: Egil med registreringsmerke for Ørsta. (Fotoleverandørar: Albert A. Steinnes og Bjørn Winjevoll)Photo: Turstinemnda ved leiar Jostein Ringset har rydda krattskog og sett ut benkar ved Osen. To bord med benkar og to single benkar er plasserte på kvar si side der Hovdeelva startar. I tillegg har dei planert og fått køyrt på grus. 
Jostein fortel at dei vil ha på meir grus til våren slik at det også kan bli ei lita sandstrand for dei minste. Der er langgrunt med ein del stein, slik at det ikkje er ideelt for ein symjetur for dei vaksne. Eg har snakka med folk som rastar ved benkane, og dei lovprisar det som er gjort.  Også barnehagar har hatt utflukt til det fine området. Jostein fortel vidare at benkane er delvis sjølvlaga, og at dei har sett ut benkar også andre stader der nemnda har laga stiar. Stinemnda har ti-tolv personar, som på dugnad held opne stiane på Hovdeåsane med rydding og grøfting. I fjor rydda dei krattskogen mellom stien og Hovdevatnet frå Osen til Berget, slik at Hovdevatnet igjen vart synleg.
Overskrifta er tittelen på boka som sogelaget i samarbeid med Jens Kåre Engeset gav ut i 2005. Det er ei samling kulturhistoriske artiklar, alle skrivne av Jens Kåre. Det meste er om Ivar Aasen og Anders Hovden. Anders Hovden var ofte ved Hovdevatnet, og på side 81 i boka, er han avbilda der han står ved Hovdevatnet med hatten i handa.

Bilettekst:
Naturstinemnda har rydda krattskog og sett ut benkar ved osen av Hovdevatnet. (Foto: Oddmund Hovden.)Photo: Veninneklubben vår

Av Grete Ringset

Opptakta til klubben vår starta med ein gjeng arbeidskamerater fra Møre Trikotasjefabrikk. Vi var ein gjeng på åtte, og alle unnateke tre har jobba som syersker på fabrikken.
Gudny kom fra Snåsa, Solveig frå Moltustranda, Greta frå Eggesbønes, Dagrun frå Fjørtofta, Vigdis frå Hovdebygda. Sigrid gifta seg med Kjell og flytta frå Ose til Hovdebygda. Signy fann seg ein hovdebygding og flytta hit frå Bondalen, medan Grete trefte Jostein då han var i militæret på Gråkallen i Trondheim.
Som nyinnflytta til Sunnmøre utan å kjenne nokon vart Grete svært glad då Signy plutseleg stod i døra medan vi budde i Hovdebakken, og spurte om ho ville vere med i klubben. Bra ho ikkje nemnde ordet strikkeklubb. Då måtte ho ha takka nei, for strikke kunne ho slett ikkje. Dette var om hausten i 1969, altså for 44 år sidan.

Les meir om venninneklubben i Bok 22. Kan kjøpast på bokhandel eller hjå Oddmund Hovden, epost: oddmund.hovden@gmail.comPhoto: Frå første Sydenturen i 1993. Frå venstre: Solveig, Sigrid, Vigdis, Greta, Grete, Gudny og Dagrun.Photo: Frå den andre Sydenturen. Vi ventar på servering. Frå venstre: Dagrun, Sigrid, Gudny, Signy, Grete, Greta og Solveig.Photo: Første Sydenturen gjekk til Bahia Feliz i 1993. Frå venstre: Solveig, Vigdis, Gudny, Sigrid, Greta, Signy og Dagrun.Photo: Grete og Gudny i feriemodus for 20 år sidan. I Bahia Feliz, Grand Canari, 1993.Photo: Tur til bakeriet på Lom under hyttetur. Frå venstre: Greta Hovde, Vigdis Lunde, Grete Ringset, Solveig Hamar, Gudny Fagerhol, Sigrid Hovden, Signy Ryste og Dagrun Ringset.Photo: Pause på Strynefjellet på veg til hytta på Tessosen. Frå venstre: Dagrun, Greta, Grete, Vigdis, Solveig, Sigrid og Gudny med gips og krykker.Photo: Oddbjørn K Ryste (1911-1998) segla til Spania med korn medan borgarkrigen pågjekk og såg lidingane på nært hald. I Havana på Cuba låg skipet hans i hamn i lag med ein tyskar. Det tyske linjeskipet var fullt av flyktande jødar. Dei fekk ikkje kome i land korkje i Havana eller i andre hamner på dei amerikanske kontinenta. I redsle og fortviling hoppa passasjerane over bord og tok livet av seg. 
   I september 1939 braut andre verdskrigen ut i Europa. På andre sida av verda, i den britiske kronkolonien Hongkong, vart Oddbjørn, stuert på MS ”Somerville”, mønstra på dekk i lag med resten av mannskapet: ”Any germans on the ship ... ?”

Les meir om Oddbjørn Ryste og turen i farleg farvatn,  i Bok 22.
Kan kjøpast på bokhandel eller hjå Oddmund Hovden, epost: oddmund.hovden@gmail.comPhoto: Biletet er teke jula 1937 i Rotterdam. Oddbjørn Ryste står som nummer to frå venstre. Biletet må vere teke på Klaveness-reiarlaget sin MS ”Granville”, der byssa var nesten som himmelen med sin Linnekogel oljefyr. Dei andre på biletet er m.a. ”byssen” og ”salongen”.Photo: Oddbjørn Ryste var stuert på fleire turar til Spania under borgarkrigen. Dette biletet er frå Malaga og viser mannskap på MS ”Somerville”. Dei står i sine respektive arbeidsklede, fortel Ryste, bortsett frå ”byssen” som har fiffa seg opp for høvet. Oddbjørn Ryste står heilt til venstre, så er det ”byssen”, ein lettmatros frå Vanylven og til slutt ein dekksgut frå Grimstad.Photo: Biletet er stempla i USA 4. juli 1938. Oddbjørn Ryste vaskar klede, ser det ut som.Photo: Biletet viser Klaveness-skipet MS ”Somerville” i Saigon i 1937.Photo: Biletet viser MS ”Somerville” i Philadelphia i juli 1937. Det står ikkje notert kven som er med på biletet.Photo: MS ”Somerville” fotografert i Havana på Cuba. Det var der Oddbjørn Ryste opplevde at tyske jødar ikkje fekk kome i land. Og mange tok sitt eige liv.Photo: Alvhild Inselset og Oddbjørn Ryste gifte seg i 1948. Etter det segla Oddbjørn nesten 25 år i utanriksfart.Photo: Oddbjørn Ryste feirar 80-årsdag i 1991 i lag med kona Alvhild.Photo: Gjertrud og pappa Oddbjørn Ryste på kaia i Ålesund framfor MS ”Kolåstind”. Oddbjørn i stuertjakka si. Mamma Alvhild tok biletet.Photo: MS ”Kolåstind” var eit lite skip på berre 535 BRT. Men skipet segla både på Europa og Amerika.Photo: Andreas Mathias Andersson Sørheim og Karen Severine Eliasdotter Sørheim gifta seg i Ørsta kyrkje i 1890. Severine kom frå eit av dei to hovudbruka på Sørheim, g.61, b.nr 2. Dei kjøpte 1/3 av denne garden i 1898 og bygde seg ei tømmerstove der. Seinare sette dei opp eit fjøs og eit naust. 

Det var mykje stein og skog på bruket. Det vart eit stort slit å bryte jorda med hakke, spade og spett. Dei køyrde bort steinen med hest og steinslede til fjøra eller til steinrøyser. Dei kunne også grave store hol i jorda der dei velta steinane nedi. Så grov dei molda over steinane att. Det var også viktig å grave veiter for å drenere bort vatnet. På denne måten braut dei jord frå haust til vår.

Livet var eit ekte naturhushald med jordbruk og fiske. Alt måtte dei skaffe sjølve. Dei dyrka korn og poteter, dei ysta ost og kinna smør. Severine karda og spann, vov og sydde klede til familien. I fjøset hadde dei fire-fem kyr, nokre sauer og ein hest. Fisk var ein stor del av middagsmaten. På Sørheimsgardane var det mange drengar og tenestetauser. Så for å fø både dei og sine eigne familiar, måtte dei ha mykje fisk. I heile Ørsta vart det kjent at ei "Sørheimskoke" var sju storseiar!

Alt graset på bøen vart slått med ljå. Innmarka vart hesja, tørka og køyrt opp i løda med hest og høyvogn. Høy frå vanskelege plassar måtte dei bere på skuldrene med eit tau. Det heitte ei "hengslebøre". Det var nødvendig å slå utmarkane også. Det var mellom anna ovanfor Hammaren og Gardsletta heilt opp til Eidheimsbytet. Der drog dei graset ned på sloge. Slogen var ofte to ungtre som dei la graset oppå. Ein annan metode å få ned graset på var å bruke meis. Det var ein stor garnpose som dei stappa gras oppi. Så snørte dei den att og trilla den nedover. Nede mellom Hammaren og Labakken tørka dei så graset på marka.

Severine og Andreas hadde dyra i smalefjøsen. Den var under lødegolvet. Severine "viska vondlar" til dyra. Det var å lage ein dunge med høy som ho batt saman med lange høystrå. Både ku og kalv fekk kvar sin vondel. Om sommaren saga dei ned bjørk og rogn. Greinene batt dei saman med vidje til kjerv. Desse var 60-80 cm lange. Så vart dei lagra opp på lemen i løa. Lauvkjerva vart godt fôr til sauene gjennom heile vinteren.

Kornet dei dyrka var for det meste bygg og havre. Dei skar kornet med sigd, og hesja det på staurhes. Så køyrde dei kornet inni løa. Så stabla dei opp eit kornstål der aksa låg same veg. 
Andreas var ein dyktig snikkar. Han bygde si eiga truskemaskin. For å drive truskeverket, bygde han eit truskarhus attmed Kvieelva. Inni truskarhuset sto eit skovlhjul på over tre meter i diameter. Så gjekk det dobbelt sett med streng frå truskarhuset gjennom fleire trinser som hang på pålar fram til løda. Det var 150 meter mellom truskarhuset og løda. Der var det oppsett eit stort hjul som strengane gjekk gjennom. Frå hjulet var der så ei snor som gjekk inn i løda og dreiv rundt truskeverket.Photo: Andreas og SeverinePhoto: Artur Sørheim har teikna ein truskemaskin. Ein legg kornbanda på brettet til venstre. Trommelen går rundt og truskar laust kornet. Halmen vart seinare brukt som sauefôr. 

Neste prosess var å bruke ein drøftemaskin. Der vart kornet rista laust frå agnene.

Så vart kornet lagra i striesekkar til det skulle ekstra tørkast.Photo: Ved g. 61, b.nr 2 stod eit felles eldhus. I tillegg til m.a. grovbakst, så vart kornet tørka der. Dei la ei jarnplate over den store grua. Så vart kornet skikkeleg tørka.
Her ser vi Solveig, Helen og Erling Sørheim som studerer eldhuset. Det står no på Sunnmøre Museum på Borgundgavlen.Photo: Erling Sørheim viser murane av truskarhuset og hjulet som strengane gjekk rundt.Photo: Erling Sørheim viser murane av truskarhuset og hjulet som strengane gjekk rundt.Photo: Når onnene var over, kunne ein male kornet. Sørheim eigde eit kvernhus i Skorgeura. For å skjerme kornet frå regn og sjøsprøyt, hadde dei det i skinnsekkar. Så rodde han far sjølv over fjorden og kverna kornet.Photo: Frå kvernhuset i Skorgeurda.Photo: Elias og Hanna
I 1927 overtok Elias garden. Han hadde då gifta seg med Hanna Pedersdotter Steinnes, bygt på stovehuset og bygt ny fjøs med gjødselkjellar under.

Elias kjøpte hesteslåmaskin i 1925. Den var til svært god hjelp når dei skulle slå gras.

Elias og Hanna moderniserte garden vidare. Dei bygde vårfjøs der kyrne kunne mjølkast ved dårleg vêr. Dei bar mjølka heim med hisse, separerte henne og kinna smør av fløyten. Det vart laga surost av skummamjølka. Frå 1935 vart fløyten levert til gamlemeieriet i Ørsta. Då måtte dei ro med fløyten frå Sørheim til Ørsta. Frå 1937 og fram til krigen vart mjølka køyrt til meieriet med mjølkebilen. Men under krigen vart mjølka levert i mjølkespanner på mjølkebåten som la inn til Sørheimskaia. I 1952 kjøpte Elias mjølkemaskin. Då slapp dei å mjølke for hand lenger. 

Hanna var svært flink til å arbeide sjølv om ho vart svært svaksynt etter kvart.Photo: Elias og Hanna
I 1927 overtok Eliasgarden. Han hadde då gifta seg med Hanna Pedersdotter Steinnes, bygt på stovehuset og bygt ny fjøs med gjødselkjellar under.

Elias kjøpte hesteslåmaskin i 1925. Den var til svært god hjelp når dei skulle slå gras.

Elias og Hanna moderniserte garden vidare. Dei bygde vårfjøs der kyrne kunne mjølkast ved dårleg vêr. Dei bar mjølka heim med hisse, separerte henne og kinna smør av fløyten. Det vart laga surost av skummamjølka. Frå 1935 vart fløyten levert til gamlemeieriet i Ørsta. Då måtte dei ro med fløyten frå Sørheim til Ørsta. Frå 1937 og fram til krigen vart mjølka køyrt til meieriet med mjølkebilen. Men under krigen vart mjølka levert i mjølkespanner på mjølkebåten som la inn til Sørheimskaia. I 1952 kjøpte Elias mjølkemaskin. Då slapp dei å mjølke for hand lenger. 

Hanna var svært flink til å arbeide sjølv om ho vart svært svaksynt etter kvart.Photo: Ei ny stor modernisering vart i 1933 og 1934. Då bygde dei silobingar på garden. I 1936 kjøpte dei landbruksvinsj. Då vart gardsbruket svært mykje enklare. Med vinsja kunne dei pløye mark, horve, køyre gjødsel og køyre gras. Vinsja kunne til og med drage hesteslåmaskinen. Då monterte dei hjul, sete og ei styrestong på slåmaskinen. Det same vart gjort med horva og gjødselvogna. Då kunne ein sitte på setet og styre!Photo: Ei ny stor modernisering vart i 1933 og 1934. Då bygde dei silobingar på garden. I 1936 kjøpte dei landbruksvinsj. Då vart gardsbruket svært mykje enklare. Med vinsja kunne dei pløye mark, horve, køyre gjødsel og køyre gras. Vinsja kunne til og med drage hesteslåmaskinen. Då monterte dei hjul, sete og ei styrestong på slåmaskinen. Det same vart gjort med horva og gjødselvogna. Då kunne ein sitte på setet og styre!Photo: Hanna var svært flink til å arbeide sjølv om ho vart svært svaksynt etter kvart.Photo: Halldis og Artur
Artur Sørheim gifta seg med Halldis Solveig Worren i 1948. Dei flytta til Sørheim med dei tre borna i 1957. Dei moderniserte huset og bygde på bad og wc. Tidlegare var det brukt utedo.

Artur dreiv garden, men måtte også arbeide på Møre Lenestolfabrikk i Ørsta for å få endane til å møtast.Photo: Halldis og Artur
Artur Sørheim gifta seg med Halldis Solveig Worren i 1948. Dei flytta til Sørheim med dei tre borna i 1957. Dei moderniserte huset og bygde på bad og wc. Tidlegare var det brukt utedo.

Artur dreiv garden, men måtte også arbeide på Møre Lenestolfabrikk i Ørsta for å få endane til å møtast.Photo: Det vart mange seine økter før han kunne ta kveld.Photo: I 1961 kjøpte Artur motorslåmaskin. Med kjettingar på tvillinghjula
kunne han slå overalt på jorda med denne AEBI AM10. Femtito år seinare er det framleis dennePhoto: Artur var svært glad i å dyrke grønsaker. Han ordna alltid med potetåker. Så likte han godt gulrøter, kålrot, rosenkål og sukkererter. Han konstruerte si eiga pottemaskin for kålplantar. Då vart det mange ulike sortar kålhovud.Photo: Halldis var svært dyktig i heimen. Ho gav ein god oppvekst for alle borna sine.Photo: Kvar morgon og kveld hadde Halldis ansvaret for mjølkinga. På biletet ser Halldis, Ann-Charlotte, Solveig og Helen Sørheim som hjelper til med å hente kyrne frå beitet.Photo: I 1970 kjøpte Artur sin første traktor. Det var ein Massey Ferguson 35X. På biletet vert han brukt til å køyre møkk av Erling og Audun.Photo: 1979 kjøpte han ein AEBI Transporter. Med kjettingar på tvillinghjula bak kunne transporteren køyre rett ned og stoppe sjølv i dei brattaste floga.Photo: I 1984 bygde Artur ny, moderne fjøs med stor gjødselkjellar og moderne gjødselanlegg. På mjølkerommet vart det stor mjølketank og rørmjølkingsanlegg med automatisk vasking!
På biletet ser Elias og Hanna bak i sofaen og Erling, Herdis og Liv framme. Det var alltid stor stas i jula.Photo: Ann-Charlotte og Erling Sørheim.Photo: Sørheimsbakkane, høyhenting på EidheimPhoto: Trond Nerland i silobingen.Photo: Solveig og Helen Sørheim ute på mosjonstur med ein kalvPhoto: På bilete ser vi Ann-Charlotte saman med Håvard Edvardsen og Kenneth Sørheim hente ein kalv som var fødd på fjellet. Kalven fekk sjølvsagt namnet Fjellmøy.Photo: Situasjonsbilete frå grendahuset på Steinnes.Photo: På biletet til venstre ser vi Kåre Sørheim, Magne Ulseth og Erling vise fram resultatet av første jakthelga.Photo: Herdis Særheim Rotevatn, Ann Charlotte Sørheim og Artur Sørheim på tytebærtur.Photo: Artur har stor glede av vere i lag med slekta. Han likar å arbeide. Her ser vi at han sagar kubbar av svære grantre med motorsag.Photo: Så ser vi at han kløyver ved på kombimaskinen. Dette biletet er tatt av Olav Hauso.Photo: Sprek 91-åring som har gjort skikkeleg fangst.Photo: På dette biletet viser Audun Sørheim at 5. generasjonen etter Andreas og Severine, at han kjenner plassane til storseien.Photo: Erling held på med å plante hengebjørk i skråningane.Photo: Høyslått i Sørheimsbakkane. Erling er slåttekar.Photo: Ekteparet Erling og Ann Charlotte Sørheim feirar 17. mai.Photo: Orkanen "Dagmar" knuste naustet til pinneved. Skulle det stoppe sjølivet? Nei! I vanleg Sørheimsånd starta dei bygginga av nytt naust. Denne gongen med sement og kraftig armering. Det vart både båtvogn og elektrisk vinsj.Photo: Her er eit glimt frå innviingsfesten i 2. etasje i naustet.Photo: Artur har stor glede av vere i lag med slekta. Han likar å arbeide. Her ser vi at han sagar kubbar av svære grantre med motorsag. Så ser vi at han kløyver ved på kombimaskinen. Dette biletet er tatt av Olav Hauso.
Også i år, -2013, var han på sjøen og drog sei. Bærplukking og fisking har han alltid vore svært glad i.
På det siste biletet ser vi litt av julebaksten som han laga. Han er ekspert på å lage smultringar, kokosmakronar og flatbrød. Artur er svært dyktig i dette, og han får stor glede av å gi bort av overskotet sitt til slekt og vener.

I sine 91 år lagar han framleis middag. Han køyrer bil dit han vil. Han besøkjer slekt og vener. Han er politisk engasjert. Han skriv og les dikt. Han interesserer seg for Bakk-Ola-marka, Bruksbutikken og Norrøna radio. Og ikkje minst er han glad i Bedehuset og det kristelege miljøet.

Lat meg til slutt takke Andreas og Severine for det rike og gode livet dei la grunnlaget for oss andre gjennom fire generasjonar.Photo: Gard nr 61, br nr 4 Indre Sørheim er ikkje nokon gammal gard i historisk samanheng. Det var Karen Severine Eliasdotter Sørheim (1866-1951), som i 1898 fekk fråskild 1/3 av hovudbruket som ein del av farsarven sin då ho gifte seg med Andreas Mathias Andersson Hovde (1863-1927). 
Andreas kom frå ”Gunnargarden” g. 58, br. 1 i Ytre-Hovden, og han tok etternamnet Sørheim då han kom hit. Severine, som var namnet ho brukte, var eldste dotter til Peder Elias Rasmusson Sørheim og kona Anne Marta f. Lianes. Dei var gardfolk på g. nr 61, br nr 2, som var ein av dei eldste Sørheimsgardane.
Severine og Andreas skapte ein god heim for seg og etterkomarane sine med hardt arbeid og lite hjelpemiddel etter dagens standard. Dei sette spor etter seg, og livsmottoet deira har prega etterkomarane i fleire generasjonar. Framleis er garden det naturlege sentrum når familie og slekt, både nær og fjern, kjem på vitjing til gamle trakter!Photo: Indre Sørheim 61/4 1963Photo: Familien på Sørheim 1907: Severine og Andreas Sørheim med borna Marta Gurine, Elias, Anders, Astrid Mina, Alv Sverre og SigurdPhoto: Brudebilete av Elias Andreasson Sørheim, 1896-1985) og Hanna Pedersdotter Steinnes, (1900-1995). Dei gifta seg 17. desember 1921 i Ørsta kyrkje.Brudefylgjet reiste innover til Ørsta med båt, for veg fanst det ikkje då. Bryllaupsfesten vart halden i huset til Samonia Velle. Utpå kvelden vart det eit frykteleg uvêr og brudefylgjet måtte overnatte. Om natta regna det så voldsomt at brudeparet måtte flytte til eit anna rom!Photo: Brudebilete av Halldis Solveig f. Worren (1920-1997) og Artur Sørheim 1922-) Dei gifta seg 29. mai 1948 i Ørsta kyrkje.Photo: Familien på Sørheim ca 1947: Hanna og Elias Sørheim med borna Kåre, Peder, Artur, Sigrid, Asbjørn og Harald.Photo: Peder og Artur med veslebroren Kåre på fanget. Kåre vart fødd i 1926.Photo: Halldis og Artur med sonen  Erling Karstein ca 1964. I bakgrunnen ser vi ein av vårfjøsane som stod på garden akkurat der. Der var opprinneleg tre vårfjøsar som tilhøyrde gardane. I dag er ”nye-huset plassert der.Photo: Mor Halldis og Erling ca 1964Photo: Familien på Sørheim 1963: Halldis og Artur med borna Liv Hjørdis, Herdis og Erling Karstein.Photo: Familien på Sørheim 1975: Artur og Halldis, bestemor og bestefar Hanna og Elias, Liv, Herdis og ErlingPhoto: Syskenflokken samla ein gong ca 1975: Peder, Artur, Kåre, Asbjørn Harald og Sigrid.Photo: Barnedåp på Sørheim 1987: Herdis og Greg Rotevatn, (fadrar), med borna Audhild, Gudmund og Vegard. Ann-Charlotte og Erling med borna Audun og dåpsbarnet Helen.Photo: Bestemor og bestefar på Sørheim, Halldis og Artur med barnebarnet Audun i 1985.Photo: På fisketur med pappa sommaren 1992: Helen, Audun og Solveig.Photo: Familien på Sørheim i 1998: Ann-Charlotte og Erling med borna Audun, Helen og Solveig.Photo: 17. mai på Sørheim 1991.Photo: Slektsstemne på Rjånes 1983. Etterkomarar etter Severine og Andreas Sørheim. På biletet ser vi frå venstre: Artur Sørheim, Solfrid Petra Sørheim g. Berge, Liv Sørheim g. Gjedrem, Steinar Sørheim, Sigrid Aasta Sørheim g. Lid (i blå kjole), Arnljot Sørheim, (bakom), Per Kaspersen, (nesten usynleg), Olaug Margit Kaspersen g. Mork, Berit Karin Sørheim g. Foss, Harald Einar Sørheim, Arne Svein Sørheim (i blå skjorte), Margrete Sørheim g. Aarsæter, Magni Olaug Sørheim g. Bergmann, Arna Severine Kaspersen g. Gjerde.
	Framme: Elias Sørheim, Hanna Sørheim f. Steinnes, Tora Sørheim, f. Bjerkvik.Photo: Som mange har fått med seg, vart to store tre som stod ved gamle-posten i Hovdebygda, saga ned sist vinter. Det var ikkje «Dagmar» denne gongen som felte tre, men Sandal Parkdrift AS frå Volda. Den gamle lerka var ca 90 år gamal og lena seg mot det vesle murbygget som var postkontor i nesten 20 år. Torgeir Hovden fortel at han var med å byggje huset i 1944, då var han 17 år. Arild Holen som eig huset, har nyleg pussa det opp og skifta taket. Han er glad for at treet er borte. Grana stod på same trekanten av jordstykket, og som Hovdebygda soge- og velferdslag er eigar av. Den hadde same alder som lerka, og kunne lett bli eit bytte for ein komande storm. Grana hadde ein omkrins på 2,44 m, medan lerka hadde heile 3,54 m, ein halv meter over bakken.
Sandal fortel at dei har eit team på tre mann som har spesialisert seg på trefelling der det krevst presisjon, og der det er vanskeleg å kome til med normal felling. Leiaren av teamet er enkelskmann, og er utdanna arborist (trepleiar).
Jordstykket ligg som ein trekant mellom gamle-Posten og Telenor-kiosken med gamal og ny Ytrehovdeveg på kvar side. Stykket er ei gåve frå Dagny Ryste til soge- og velferdslaget. Dagny var tanta til Kjell Ryste som har hus nedanfor vegen. Vilkåret var at plassen skulle heite Ole Martinus plassen, som var namnet til bestefaren hennar. Skiltet med namnet er kome på plass, men krokettbana som var fint grusa på 90-talet har grodd igjen. 
Iniativtakar til trefellinga var Nordhus ved Einar Holsvik.  Dei fekk ja frå styret i soge- og velferdslaget, og dei ville ta på seg alle kostnader.  Dei har vore opptekne av å rydde det gamle «børsområdet» rundt posten og butikkane som ein gong var. På tomta nedanfor kontorbygninga har dei laga til steinstolar og bord. Steinhella som er bord, er teken frå den gamle steingarden. Dei som er over 60, vil hugse at steingarden var gamal børsplass.  Her sat gamlekarane og diskuterte etter at dei hadde vore på posten for å henta avisa. Når vi gutungane hadde fått ein femti-øring for å kjøpe is av Egil Sandvik, så sat vi på steingarden. Det var samlingsplass for alle.
Einar Holsvik fortel at dei er ikkje ferdige med å rydde tomta der trea stod. Til våren vill dei rydde krattet, og lage trapp frå gangvegen og ned til krokettbana. Er det interesse for å starte opp krokettspelinga, vil dei også gruse bana.Photo: Det siste bilete av grana og lerka før dei vart saga ned den 15. mars 2013.  
Lerka hadde ein omkrets på 3.54 mPhoto: Toppen av lerka med skjorareir på veg mot bakken. Skjora var ikkje heime.Photo: Bilete er frå opninga av krokettbana i 1993 på Ole Martinus-plassen. 
Personane frå venstre er: Bjørnar Ingebrigtsen, Rolf Ryste, Sindre Skurtveit, Jan Egil Gretland og Kåre Røv. På benken til venstre sit Jon Nedrelid og Ivar Kroken.Photo: Møre Trikotsjefabrikk AL vart skipa i 1936, og bygd opp på tuftene av den gamle Møre Ullvarefabrikk AS, som brann ned til grunnen i 1926. Bedrifta var i fleire tiår den viktigaste verksemda i Hovdebygda, og dei fleste heimane i Hovdebygda hadde ei nær tilknyting til Møre, som fabrikken vart kalla  i daglegtalen. Fabrikken gjekk godt f ram til billegimporten fløymde innover landet på 1970-talet, og heldt det gåande fram  til 1984 då fabrikken gjekk konkurs. Konkursbuet vart selt til eit nytt firma, Konvallfabrikken AS, som fekk ei heller kort levetid, og gjekk overende etter om lag eitt års drift.
Møre Trikotasjefabrikk AL, vov, strikka og farga stoffa sjølv. Lenge var fabrikken i fremste rekkje, teknisk og  maskinelt, og investerte i nytt utstyr etter kvart som meir rasjonelle maskinar kom på marknaden. Fabrikken var også offensiv og framtidsretta på andre område, og var tidleg i kontakt med Møre-Data AS, og etterspurde mogelegheitene for databasert produksjonsplanlegging. Men dåtidas dataløysingar handterte ikkje eit så stort artikkelomfang som det var på Møre Trikotasjefabrikk AL. Der var det stor utskifting av modellar, og om lag 50 prosent av kolleksjonen vart bytta to gongar i året. Dette medførte mange produktvariantar, og ein periode var det om lag 1500 ulike variantar ved fabrikken, når ein tek med talet på storleikar og fargar.
Det mest brukte stoffet var rayon, og garnet kjøpte Møre Trikotasjefabrikk AL, i mange år frå Norsk Rayon AS på Notodden. Det eigentlege namnet på rayon var, cellull, men det hadde fått eit dårleg rykte, som simpelt stoff, og hadde ein negativ klang i marknaden. Det vart difor kalla rayon, som hadde ein mykje betre klang i den kommersielle marknaden. Det er fleire døme på at dette vart gjort, og charmeuse var eit endå meir eksklusivt namn på cellull. Charmeuse vart mykje nytta til truser, underkjolar og enkelte nattkjolemodellar. Det vart også brukt ein god del bomull, og noko velour som også vart vevd, strikka og farga ved fabrikken sitt anlegg.
Møre Trikotasjefabrikk AL vert hugsa best som ferdigvareprodusent, og mindre kjent er det nok at fabrikken ei tid vov mykje crimpline som stort sett  vart seld som metervare. Etterspurnaden var ein periode så stor at ”strikkeriet” produserte med døgndrift.
Til å ta vare på salet hadde Møre Trikotasjefabrikk AS eit salsnett med profesjonelle agentar som dekte avtala distrikt. Til dømes hadde dei ein særs dugande agent i Arne Hansen, som dekte Trøndelag og Nord-Noreg. Einar Langeland og sonen Knut tok seg av Oslo. Frå Kristiansand til Haugesund, hadde Møre ein kvinneleg agent, May Ødegård, medan Arnt Andreassen, og seinare Fredrik Pedersen tok seg av Hordaland. På Sørvestlandet reiste Reidun Birkeland. Sogn og Fjordane og Møre & Romsdal tok fabrikken hand om sjølve, og Alf Ose reiste her i mange år, før Ottar Ringset tok over dette arbeidet i dei ti åra han var salssjef på fabrikken. Seinare var det Jarle Myklebust som tok over som salssjef, og ogsåPhoto: Babytrøye, artikkel nr 328, var ein av fabrikken sine bestseljarar gjennom store delar av 1960- 0g 70-åra. Dette produktet vart produsert i ein Peruiansk bomullsvariant.Photo: Dametruse nr 164, var ein desidert storseljar gjennom fleire tiår, og var med i kolleksjonen like fram til konkursen i 1984.Photo: På midten av 1960-talet, kom det pålegg frå det offentlege at ein varedeklarasjon skulle fylgje kvart produkt. Dette var lenge før det vart innført eit system med innsydde etikettar med vask- og strykedeklarasjon. Tilrådinga frå fabrikken på denne varedeklarasjonen er relativt vag, ”vaskes på vanlig måte”, står det.Photo: Underkjole, artikkel nr 1729. Underkjolane var særs moteprega, og modellane vart stort sett bytta ut ved kvart kolleksjonsskifte.Photo: Ein kolleksjon med jentetruser, frå Møre Trikotasjefabrikk al, besto som regel av 6-8 modellar. Illustrasjonen er henta frå Konvallfabrikken as sitt driftsår, men er modellar frå gamle Møre Trikotasjefabrikk al.Photo: Her svingar fabrikkleiinga pisken over dei som ikkje innretta seg etter fellesskapets usynlege lover, og det er gjort på ein direkte måte utan vidare diplomatisk innpakning.Photo: Pebuda
Av Kolbein Ryste

Mange som ferdast i Ytre-Hovden har vel lagt merke til den spesielle garasjen som nokre tiår stod ved vegen i tunet på Slettebøen.  Laga av grovt tømmer og med torvtak, og såleis kanskje det  mest spesielle huset på lang lei nytta til å sette bilen i. Først på 2000-talet tok taket til å leke, og det vart teke avgjerd om riving også for å få plass til ein ny garasje i tunet.  Eg fekk då tilbod om å ta vare på dei gamle stokkane, og det enda med at eg fekk med meg ein kar der vi merka det, plukka det ned, og lagra dei i gamleløda inn på Stranda i Rystene.....Photo: Tunet i Pegarden måla av Knut Synnes. Dette viser buda og dei andre husa på garden slik dei vart oppsette etter utskiftinga i 1874-75.Photo: Opprigging i gamleløda  inn på Stranda. Nokre nye stokkar måtte tilPhoto: Tilhogging og tilpassing av nye sperrer.  Legg merke til “Fyrvesenøksa” til venstrePhoto: Tømmerdelen av Pebuda slik det vart oppsett i tunet.Photo: Merke etter knivsoddar og flisar overalt på utsida av stokkane. Nytta til turking av skinn.Photo: I 1963 var det 150 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og dette jubiléet stod det å lese om i Møre-Nytt gjennom heile året. Når eg no har gått gjennom denne årgangen av Møre-Nytt for 50 år sidan, er det også eit par andre saker som går att. Den eine er kommunevalet dette året. Den andre er striden mellom kommunen og Marcel Mosny. Den såkalla Mosny-saka var prega av lange innlegg. Saka galdt eit tilbygg til huset hans på Ose.  Kommunen meinte at tilbygget med bilforretning var bygd i strid med den gjeldande reguleringsplanen.

Les meir om Hovdebygda for 50 år sidan i Bok nr. 22. Du kan kjøpe den i bokhandelen eller hjå Oddmund Hovden. epost: oddmund.hovden@gmail.comPhoto: Arbeidsstova til Ørsta Husmorlag hadde i 1963 eksistert i 30 år. Leiaren på biletet er Johanne Nupen, f. Aasen. Det meste av tida heldt arbeidsstova til i kommunehuset på Haldeplassen. (Bilete frå Møre-Nytt 18. mars 1963.)Photo: Hans og Grete var i mange år fast teikneserie i Møre-Nytt. Slik også i 1963.Photo: Hovdebygda velferdslag hadde bygdakveld på ungdomshuset den 30. mars. Dette er lysinga i Møre-Nytt dagen før.Photo: Etter musikk-kvelden med Ørsta Hornmusikk i Hovdebygda den 4. april 1963, kan vi lese dette i Møre-NyttPhoto: Hovdebygda velferdslag heldt årsmøte den 10. mars 1963, og dette referatet stod på prent i Møre-Nytt den 18. mars.Photo: Hovdebygda ungdomslag framførte spelstykket «Jan Anders og Lars Anders og borna deira» for femti år sidan. (Bilete frå Møre-Nytt 3. mai 1963.)Photo: Lysinga i Møre-Nytt for Ivar Aasen-stemnet i Ørsta i juni 1963. I tillegg til forfattarane som er nemnde i lysinga, var også Hartvig Kiran med.Photo: Desse lærarane vart takka av i 1963 etter lang tenestetid i Ørsta-skulen. Frå venstre: Gudrun Brekke, Arne P. Moe, Hartvig Brusdal, Lina Øvrelid, Karen Moe og Laurits Bjørdal. (Foto frå Møre-Nytt 20. desember 1963.)Photo: O. Hovden Lenestolfabrikk hadde i 1963 lenestolar og sovesofaer til sals.Photo: Ørsta Klæklypefabrikk søkte etter bjørkekubb i Møre-Nytt i 1963.Photo: Hovdebygda IL vart skipa i 1915, og nærmar seg 100 aktive år som den viktigaste aktøren for fremjing og utvikling av ulike idrettar og fysisk fostring i bygda.  Hovdebygda var det fyrste idrettslaget som vart skipa i Ørsta/Volda-regionen, og initiativtakar var den framsynte Ivar J. Aasen (1897-1963).  Laget fekk kjøpe fem mål av Paul Hovde, for kroner 1520,70, som vart betalt  fullt ut allereie fyrste året. Etter dei fyrste aktive åra, med opparbeiding av idrottsplassen og utvikling av sjølve idrottsarbeidet, so gjekk det litt tråare med HIL, og nokre sentrale personar vart einige om å kalle saman til årsmøte, for å rette på dette. Dette vart halde  14. oktober 1931, og laget valde Leidulv J. Hovden til formann.

Les meir om Hovdebygda IL i Bok nr. 22. Du kan kjøpe den i bokhandelen eller hjå Oddmund Hovden. epost: oddmund.hovden@gmail.comPhoto: Leidulv HovdenPhoto: Egil SandvikPhoto: HIL Lagsbilete frå 1930 åraPhoto: Frå HIL lagsboka i 1030Photo: Posten i Hovdebygda vart oppretta 1. juli 1900 med poststempel ”Rysten”. Den første drivaren var Paul Severin Larsen Myklebust. 

Postopneriet låg ved Møre Ullvarefabrikk. Kontoret var lageleg plassert der, ettersom posten kom med rutebåtar. 
Posten vart sortert og laga til for avhenting. Som alle veit, var det ein bratt veg opp og ned for å hente posten.
Namnet vart endra frå ”Rysten” til ”Rustene” frå 1. oktober 1921. Postdrivar var då Jon Aasen. Frå 16. november 1936 var Roar Aasen postekspeditør. Han heldt fram til 1978.
 Kring 1947 flytta posten til Hovdebakken. Adressa var framleis ”Rustene”. I samband med dette skreiv Karl Straume brev til postmeisteren. Brevet er datert 10. september 1953:

Herr postmeisteren, Ålesund
Underskrivne gjer med dette framlegg om å brigde namnet på Rustene postopneri til ”Hovdebygda”.
   I det høve skal me opplyse at Hovdebygda i store drag omfatar desse gardane som alle nyttar Rustene posthus: Åsen, Fagerhol, Hamar, Indre Hovden, Ryste, Ytre Hovden, Digernes, Selbervik, Sørheim og Steinnes.
   At postopneriet ved skipinga fekk namnet ”Rysten” (seinare ”Rustene”) kom av at bygda den gongen fekk posten med dampskip på ekspedisjonsstaden Ryste. Sjøl om ”Rysten” og ”Rustene” er fabrikerte eller forvrengde namneformer som ingen i bygda brukar, fann me oss i dette so lenge posthuset heldt til i Ryste. Men som herr postmeisteren veit, har ikkje Hovdebygda lenger beinveges postsamband med båtane, men får og sender no posten med rutebilane som går mellom Ørsta og Volda. Dette var vel grunnen til at herr postmeisteren for nokre år sida gjekk med på at posthuset vart flytt frå Ryste til Hovdebakken ved riksvegen om lag 1000 meter ovanom dampskipskaia i Ryste. Dette var ei god ordning fordi posthuset dermed vart liggande sentralt og fordi me no slepp å gå den tunge Rystevegen når me skal til og frå posthuset.
   Men når posthuset no er flytt til Hovdebakken, er det ikkje lenger meining i å halde på dette Rustene-namnet som ingen i heile bygda nyttar.
   Som prov på at ”Hovdebygda” er det einaste rette, skal me nemne at ingen institusjon eller lag har ”Rustene” knytt til namnet sitt. Det heiter alltid Hovdebygda Idrotslag, Hovdebygda Sanitetslag, Hovdebygda Fråhaldslag, Hovdebygda Ungdomslag, Hovdebygda Misjonslag og Hovden skulekrins o.s.b.
   Me er so fri å be herr postmeisteren ta opp denne saka og gjere kva de kan so postopneriet får sitt rette namn, som ikkje kan vere anna enn ”Hovdebygda”.
                                                                                                          Vyrdsamt Karl Straume

Namnet vart endra til Hovdebygda 1. april 1954. Posten kom då med rutebilen til Hovdebygda, der Roar Aasen brukte ei raud tralle til å hente posten med.
Frå 1978 vart Vigdis Søvik poststyrar. Mannen Knut Normann Søvik og Janne Oddveig Velsvik Monsholm var vikarar på 1980- og 1990-talet.
15. juni 1996 vart postkontoret nedlagt.

Kjelde:
Dag Erik Børseth: Poststeder i Møre & Romsdal.Photo: Fyrste postkontor. Det fyrste postkontoret i Hovdebygda var i gamle as Ørsten Ullvarefabrikk.Photo: Alle poststempel frå Hovdebygda.Photo: Kort brukstid og høg samleverdi: I 1992 vart det oppretta eit mellombels brevhus. Det var ope under Nynorsk Festspelveke frå 28. august til 5. september. Stempelet var eit motivstempel med 6160 Hovdebygda nedst.Photo: Nytt poststempel til dei Nynorske Festspela i 1994.Photo: Det nybygde Ivar Aasen-tunet vart opna 22. juni 2000. Eit brevhus vart opna for berre denne eine dagen. Motivstempelet viste eine veggen i tunet. I samband med opninga vart det også gjeve ut eit frimerke med bilete av tunet.Photo: Den 11. juni 2002 vart det opna Post i butikk i Hovdebygda med nr 125335. Stempelet vert brukt internt i posten, men artikkelforfattaren var til stades på opninga og sikra seg nokre konvoluttar med stempelet.Photo: Etter nesten hundre års drift vart Hovdebygda postkontor vedteke lagt ned. Mange var innom dørene den siste dagen 15. juni 1996. Fleire sikra seg også eit siste stempel med Hovdebygda.Photo: Det er gjeve ut fleire såkalla brevmerke med motiv frå Hovdebygda. Brevmerka på biletet er utgjevne av Norsk Måldyrkingslag og har Ivar Aasen og Anders Hovden som motiv.Photo: Dei første frimerka med Ivar Aasen som motiv kom 5. august 1963 i samband med at det var 150 år sidan Ivar Aasen var fødd. Frimerka kom i to valørar, eit 50 øre raudt og eit 90 øre blått.Photo: Sverre Fehn var arkitekt for Ivar Aasen-tunet. Postverket heidra Fehn med frimerke eitt år etter at Aasen-tunet vart opna.Photo: 5. august 2013 var det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Med dette frimerket markerer Posten 200-årsjubileet.Photo: Hovdebygda IL 1931-33
Av Sveinung Walseth

Hovdebygda IL vart skipa i 1915, og nærmar seg 100 aktive år som den viktigaste aktøren for fremjing og utvikling av ulike idrettar og fysisk fostring i bygda.  Hovdebygda var det fyrste idrettslaget som vart skipa i Ørsta/Volda-regionen, og initiativtakar var den framsynte Ivar J. Aasen (1897-1963).  Laget fekk kjøpe fem mål av Paul Hovde, for kroner 1520,70, som vart betalt  fullt ut allereie fyrste året. Etter dei fyrste aktive åra, med opparbeiding av idrottsplassen og utvikling av sjølve idrottsarbeidet, so gjekk det litt tråare med HIL, og nokre sentrale personar vart einige om å kalle saman til årsmøte, for å rette på dette. Dette vart halde  14. oktober 1931, og laget valde Leidulv J. Hovden til formann...Photo: Framme frå venstre, Per Fagerhol, Inge Myklebust, Gunnar Ellingsen, Brynjulv Skurtveit, Jarle Digernes,Oddbjørn Ringset. Bak frå venstre, Jostein Ringset, Hallvard Hovde, K. Gjerdsbakk, Steinar Hamar, Olav Ingebrigtsen, Einar Myklebust og Ståle Ryste. Frå ein seriekamp mot Vartdal i 1968. HIL vann 5-0, og Vartdal vart feia av bana som det står i protokollen.Photo: Brynjulv SkurtveitPhoto: Media sin kritikk var stundom hard, også i 1946. Ikkje mykje ros å hente i Sunnmøre Arbeideravis, verken for HIL eller fjorårets cupmeister, Hødd.Photo: Karl Straume – kunstnar og misjonsven

Ved det vakre Hovdevatnet i Ørsta er det den 88 år gamle Karl Straume har heimen sin. Her har han levd heile sitt liv, så staden må vere kjær for han. Det er også utan tvil «Gamle Grendi» som har inspirert den­ne kunst målåren i storparten av produksjonen hans. Kjærleiken til bygdefolket og naturen kjem klart fram. Men ikkje berre det: Mange måleri vitnar òg om menneska sitt høgste gode, Jesus Kristus.
Eg står framfor eit måleri med tittelen «Jesus, den gode hyrden», som fyller meg med takksemd for hans frelsargjerning. Her har Gud nytta ein kunstnargivnad til å uttrykkje sin evige kjærleik til oss menneske. Mange tankar melder seg der eg står, og eg spør Straume som arbeider på eit por­trett av ein ungdomsven:
Har du noka tid hatt andre planar for livet ditt enn via det til kunsten?
Han smiler i barten, og av glimtet i augo er det ikkje vanskeleg å forstå at tankane vandrar tllbake til svunne år. — Jau, planane var så mange då eg var ung. Hugen min stod til læraryrket, så eg har både lærarskulen og ein god del praksis. I heile oppveksten vende likevel tankane mine stadig til misjonen, og i 1897 søkte eg òg verkeleg på misjonsskulen. Men eg var for sein med søknaden min, og kort tid etter kom eg ut for ei ulykke som gav meg varig mein, så planane om å reisa ut måtte eg slå frå meg. Men like fullt har eg alltid hatt ein viss forkjærleik for misjonen. Det er eit imponerande arbeid som på denne måten blir gjort for Guds rike.
— Ja, så vakna interessa for kunstmåling i meg for alvor. 28 år gammal reiste eg til Oslo og melde meg inn på den «Kongelige Tegneskole». Eg gjekk og eit par år ved Kunstakademiet då det vart oppretta i 1909.  Hovedlæraren min der var Chr. Krogh, na­turalismens banebrytar i norsk målarkunst. Hos han fekk eg verdfull undervisning.
— Korleis gjekk det vidare på kunstnarbana?
—I 1920 opplevde eg noko gledeleg, — eg fekk offentleg sti­pend til eit halvt års opphald ved Académie Moderne i Paris. Det vart ei oppleving for livet, og tida der nede gav meg mykje å bygge vidare på. Men no byrja eg på ei litt anna retning innan yrket mitt. I 1926 var eg elev ved Undsagers og Svarstade Kunstakademi.  — Straume smilar og snurrar barten.
-— Eg kunne aldri slutte, tykte eg, eg måtte læra så lenge eg hadde høve til det. Det mest in­teressante eg fekk læra her, var å teikne utkast til kunstvevde tepper. Sidan har eg komponert mang ei arbeidsteikning til kunstveversker. Motiva har vore så for­skjellige, eg har òg sett saman teppe med kyrkjelege symbol, t. d. har eg komponert eit golvteppe til Ulstein kyrkje.
— Du har teke del i ei rekkje kunstutstillingar, ville du framhe­va noka spesiell av desse?
— Då vil eg nemna den store utstillinga i 1913, der ni målarar stilte ut både i Bergen, Trond­heim og Oslo. Her fekk eg god kritikk, og det gav meg tru på meg sjølv og vilje til å yta mitt beste. På denne ferda fekk eg òg mange bestillingar, og kom meg såleis økonomisk på fote. — Like­vel er det 1914 som er den store milepælen i livet mitt. Då fekk eg nemleg inn «Fossen» med mo­tiv frå Ørsta på Statens Kunst­utstilling.  Her fekk eg akseptert måleria mine fem år på rad, og i 1919 fekk eg kunstnerisk stem­merett, og vart godkjend  kunstnar.
— Til slutt eit litt meir personleg spørsmål: Kva synest du arbeidet som kunstnar har gitt deg?
Straume lyser opp. Her er det visst ingen tvil. — Eg har først og fremst fått vere meg sjølv. Gjennom kunsten har eg fått rea­lisert dei evner og anlegg Gud har gitt meg. Lever vi i pakt med Hans plan for livet vårt, så har vi lovnad for at det skal lykkast for oss. Vel har det kosta kamp, men gledene er likevel dei eg minnest best. Guds ord har hjelpt meg til å leggja mi sjel i komposisjonane slik at eg har fått fram det eg ville, både når det gjeld bibelske motiv og motiv hen­ta frå naturen.
— I dag er vi vitne til så mange nye retningar innan kunsten. Kva med desse?
—For min eigen del har eg ikkje samvit til å dyrka mykje av dette moderne som strøymer på. Eg trur ofte det er eit einaste jag etter gjetord som vildrar ein vekk.
— Det har vorte uttrykt slik ein gong: «Kunst er å skape eit verk der verdet ligg i det sjele­lege innhald, og dersom kunstnarsjela er fylt av glede eller li­ding, kan ingen leggja noko mål på utforminga. Det er ingen stad personlegdom må koma så sterkt fram som nettopp i kunsten, anten det er poesi, litteratur eller målarkunst.
Straume let ikkje personlegdomen sin verta tolka berre i den­ne kunstgreina. Han er seg sjølv også i ord, — l det han seier og det han skriv. Sinnet er enno ungt, om enn åra seier han er gammal. Og enno vil han gi av det han sjølv har fått.Photo: Karl Straume. (Bilete frå Kristenrussavisa 1966.)Photo: Photo: Markeringa syner Danskøya.Photo: Markeringa syner Sjuøyane. Nordaustlandet er den store øya syd for Sjuøyane.Photo: Rangvald Jarl som skonnert i Middelhavet med Vesuv i bakgrunnen.Photo: "Rangvald Jarl" var opphaveleg ein skonnertbrigg som vart bygd i 1873 ved skipsbyggmeister Carl Joachim Haasted sitt Skudvigens Skipsværft på Aspøya i Ålesund for eit partnarslag på åtte ålesundarar. Mellom desse var den utflytta ørstingen Johannes Amundsen Aarflot som var bokhandlar - og no altså ein åttandedels skipsreiar. Til vanleg hadde skuta eit mannskap på åtte personar. Her ser vi den ombygd til dampskip på kvalfangst.Photo: Phippsøya i framgrunnen og Waldenøya i bakgrunnen er to av Sjuøyane  (Foto: Gunnar Ellingsen)Photo: EIt slikt dyr vart eit kjærkome innslag i matkosten for Enok og dei andre ein dag tidleg i juni. (Foto: Gunnar Ellingsen)Photo: Virgohamna på Danskøya, dit Johan Hovde og fire andre kom etter meir enn tre veker med harde strabasar. Herifrå starta svensken Andr´ee si tragiske ballongferd, og herifrå misslukkast også Wellmann sine luftferder i 1906 - 07 og i 1919. (Foto: Gunnar Ellingsen)
Photo: Enok Hovde i Minneapolis, ca. 1890. (Foto: Oppsahl, Minneapolis. Biletet er utlånt av Einar Flø)Photo: Johan K. Hovde og kona Helen Synnes Roald. (Fotoet er utlånt av Einar Flø)Photo: Photo: Photo: Photo: Photo: