179 Photos - Nov 29, 2014
Photo: Ekskursjon 5. klasse til Raudøya, fredag 12. september 2014. Foto: Tove VatnePhoto: Ekskursjon 5. klasse til Raudøya, fredag 12. september 2014. Foto: Tove VatnePhoto: Ekskursjon 5. klasse til Raudøya, fredag 12. september 2014. Foto: Tove VatnePhoto: Ekskursjon 5. klasse til Raudøya, fredag 12. september 2014. Foto: Tove VatnePhoto: Ekskursjon 5. klasse til Raudøya, fredag 12. september 2014. Foto: Tove VatnePhoto: Ekskursjon 5. klasse til Raudøya, fredag 12. september 2014. Foto: Tove VatnePhoto: Biletet viser kvernhuset som opphaveleg høyrde til Karl Hovden, far til Anders Hovden.  I dag  er det bnr.59.4 og 59.5 på Digernes som eig kvernhuset   (Foto 13.10.2013).Photo: Turstien  opp mot Jo-Kverna, eigarar  bnr. 58.6 og 58.7 i Ytre-hovden  (Foto 13.10.2013).Photo: Biletet viser nedste delen av renna og turstien ved Jo-kverna.Photo: Viser nedste delen av renna og turstien ved Pe-kverna.Photo: Biletet viser mesteparten av det som er att av renna til Jo-kverna  (Foto 06.01.2014).Photo: Biletet viser at renna til Pe-kverna  er i relativ bra stand (Foto frå 06.01.2014).Photo: Starten på arbeidet med å rydde området langs elva (Foto 26.04 2014).Photo: Skogsentreprenør Per Magne Bjørdal fekk all skogen som det kunne lagast ved av. Det vart over 200 sekkar (Foto 22.juli 2014).Photo: Dugnadsgjengen i  Turstinemnda  i ferd med å rydde  i og kring  vassføringa  til nedste renna slik at den er i orden når representant frå Fylkeskommunen  kjem på synfaring (Foto 17.06.2013).Photo: Nokre i dugnadsgjengen tek pause for å verte fotograferte. Frå venstre: Per Fagerhol, Kjetil Aasen, Jostein Ringset, Eldar Lund, Jon Kårstad, Are Myklebust og Ståle Brautaset.Photo: Klare for synfaring av prosjektet langs elva:  Jens Peter Ringstad frå Fylkeskommunen,  Ragnhild Engeset, Jostein Ringset og Halvard Hovde frå Hovdebygda soge- og velferdslag (Foto  22.08.2014).Photo: Synfaringa er ferdig, og korleis arbeidet med rennene skal gjerast er avklara.  I midten maskinentreprenør Harald Aarseth.Photo: Mylnaren Halvard Hovde konstaterer at kverna er i orden.Photo: Etter at synfaringa var ferdig kom 2. klasse ved Hovden skule på tur til elva og kvernhusa. Dei ville gjerne kome igjen for å male korn.Photo: Frå: Møre-Nytt, Rune Sæbønes, 28. august 2014. 
H.M. Kongen har utnemnd professor Torbjørn Digernes til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen hans for forsking og utdanning.
Dekorasjonen vart overrekt ved ei tilskiping på Lerchendal gård i Trondheim tysdag den 26. august. 
Torbjørn Digernes (65) er opphavleg frå Hovdebygda, og er fysikar. Han var rektor for NTNU i Trondheim frå 2005 til 2013.
Han vart vart uteksaminert som sivilingeniør frå lina for teknisk fysikk ved dåverande NTH i 1972. Han tok doktorgrada i 1982 ved Institutt for databehandling ved NTH.Photo: Agnar Kroken.Photo: Skulelaget til Volda 1952-53. Hovdebygdingane Agnar Kroken, bak til venstre, og Jon Aasen, bak til høgre, var med.Photo: Agnar var også ein habil skihoppar.Photo: Anna Martinusdotter Osnes og Oluf gifta seg i 1918
Oluf (1882-1942), vart bestefaren min og overtok garden. Han gifte seg med Anna M. Osnes. Tredje barnet til Ola og Anne, var Hans (1885-1950). Hans var ugift og utvandra i 1907 til California saman med kameraten Rasmus Ryste. Den siste i syskenflokken var Martha (1889-1980), ho vart gift og busett i Drangedal i Telemark.
Anna og Oluf fekk fem born, Oddvar (1919-1992), Lilly (1921-1967), Magnar (1923-1972), Alfhild (1925-2011) og Birgit (1929-2012).Photo: Foto teke frå Hovdeåsen i byrjinga av 1900-talet. Her er huset til Ola og Anne kome til, til venstre for løa. Vi ser også Albriktstova til høgre.Photo: Oddvar og Leikny.Photo: Albrigtstova i Ytre-Hovden kring 1910. Denne stova var uvanleg då ho hadde fjøs (til venstre) og bustad i det same huset. Huset vart rive tidleg i 1920-åra. Dei vaksne er frå venstre: Rasmus Strømme, Ingeborg Hovden, Birte Kanutte Hovde (kona til Albrigt) og Andreas Hovde. Borna er frå venstre: Syver Engeset, Arne Hovde, Karl Hovden ("Skule-Kalla") og Ragnar Hovde. Stova stod ved Nakkevegen der O. Hovden lenestolfabrikk no er. Foto: Jon K. Fagerhol.Photo: Hans Hovden, bror til Oluf, utvandra til Amerika. Bilete er tilsendt frå Amerika saman med eit visittkort med adresse og tittel, «carpenter». Han vart seinare forsikringsagent.Photo: Anne (1848-1935) Danielsdotter Fyrde, kona til Ola . Vi har ikkje bilete av Ola (1847-1929), men eg har arva ei reisekiste frå 1868. Der står det Ola Andreas Andersson Fyrdsreite. Han endra namnet til Reite, og då han kom til Ytre-Hovden vart det endring til Hovden.Photo: Tre av etterkomarane til Anna og Oluf; Birgit (g. m. Magne Knutsen), Magnar (g.m. Lidvor Hovden), og Alfhild (g.m. Jon Terøy). Bilete teke på midten av 40-talet. I gamlestova til venstre, starta Magnar og Oddvar møbelfabrikk i 1945. Den vart riven i 1948-49, og delar av huset vart brukt til ny fabrikk lenger mot aust.Photo: Leikny og Oddvar i hagen sommaren 1954 med barneflokken: Arvid f. -48, Torbjørn på arma f. -53, Marianne f. -47 og Oddmund f. -45. Annfrid vart fødd i -56.Photo: Barneflokken på tur på Akslahylla med tante Birgit og bestmor Anna. Torbjørn ville heller sjå på utsikta mot Ørsta enn å smile til fotografen. Dei andre er Oddmund, Marianne og Arvid.Photo: Flyfoto frå 1954. Gamleløa stod i vegen for utviding av fabrikken, og ny tomt til løe er graven. Norvald Vartdal reiv gamleløa, og brukte delar av den til uthus/løe på tunet ved Hovdevatnet. (Vart selt til fam. Sætre.)Photo: I 1960 vart det påbygg på gamlehuset frå 1918. Torgeir (Tolli) Hovden står på mønet til venstre og spikrar.Photo: Juleselskap i Olagarden i 1989. Etterkomarane vart kommanderte ned i ein sofa for å få familiebilete. Frå venstre, Oddmund, Marianne, Oddvar, Leikny, Arvid, Marianne og Torbjørn.Photo: Oddvar i 1980 med det han likte best, fiske i sjøen eller lakseelva.Photo: Fire svigersøner: Per Ivar , Hans Jørgen, Frode og Birger, fotograferte på tunet i 2004.Photo: Mor Leikny sin 90 års-feiring i august 2012, med Arvid, Torbjørn, Annfrid, Marianne og Oddmund.Photo: Høgdepunkt for Trude (12 år) som i 1989 vann Norges Orienteringsforbunds- og Aftenpostens O-troll-finale i klassa si. I midten Aftenpostens PR-sjef Nic. Stabenfeldt flankert av klassevinnarane. Litt sitat frå omtale av arrangementet i Aftenposten 28.sept 1981:. « …o-troll-finale i den vakre Hovdebygda ved Ørstafjorden under stupbratte sunnmørsalper ble en av de mest vellykte. Over stier, myrer og gjennom skogsterreng der bygdas to store diktersønner, Ivar Aasen og Anders Hovden, i sin tid vandret, fløy 100 o-troll finalister sine kanskje raskeste løp. Og raskest av dem alle med kart og kompass var i nybegynnerklassen, arrangørenes egen Trude Hovden og Stor-Oslos Harald Eide-Fredriksen fra Haslum». (Foto: NTB Scanpix.)Photo: Heile familien på 21, med elleve barneborn feirar bestemor Signes 65- årsdag i haustferien i 2013. Staden er Nerja på Solkysten, og alle er på veg i samla tropp mot ein restaurant.Photo: Karianne gifter seg med Hans Jørgen Igelkjøn i 2005. Bruda til venstre, vidare Sølvi, Signe, Lisbeth og Trude.Photo: Tur på Hovdeåsen i romjula 1990.Photo: Elias  med storauren som vart teken med garn i Hovdevatnet i 2012. Knappe fem kilo. Kanskje den største som har vore fiska i vatnet. Elias likar friidrett betre enn fisking, og vart nyleg krinsmeister i spyd (G13) med eit kast på 36 m.Photo: Synne  fekk denne auren (2,1 kg) på stang i Hovdevatnet. Ho sym like godt som fisken, og har for tida fleire landsdelssrekordar i symjing (j 13). Ho er medlem av Bergen Svømme- og Livredningsklubb. (Bergen SLK.)Photo: Dei tre eldste barneborna. Simen og Tobias Hovden Sjøli sparkar fotball i Hønefoss. Dei trenar fem dagar i veka, og har som mål på sikt å få Hønefoss opp i eliteserien igjen. Lene Hovden Nilsen har hobby; å synge og å teikne.Photo: Kista frå år 1748 i Pålgarden på Digernes.
Sokkelen ho står på er tillaga i nyare tid.
(foto: M. Furseth)Photo: Lòket på kista er rikt dekorert, der hovudmotivet er ei tolv-blada rose i karveskurd.
(foto: M. Furseth)Photo: Dei åtte-blada rosene på kisteveggane er utført i djupe og båtforma (spissovale) karvesnitt.
(foto: M. Furseth)Photo: Eksempel på andre gjenstandar med karveskurd, som finst hos Sunnmøre Museum i Ålesund.
Skrinet er datert til år 1709.
Bilete er henta frå nettsida til Digitalt Museum.Photo: Eksempel på andre gjenstandar med karveskurd, som finst hos Sunnmøre Museum i Ålesund.
Den runde øskja er datert til år 1782.
Bilete er henta frå nettsida til Digitalt Museum.Photo: På bakkanten av lòket er det skore inn:
EOD 1748.
Diverre kan ikkje desse opplysningane fortelje oss noko sikkert om opphavet til kista, og vi veit ikkje noko om korleis kista kom til Digernes eller kven som først eigde ho. Det er likevel nokså truleg at første eigaren av kista var ei kvinne, og at det var ei stas-kiste som kunne ha vore nytta til oppbevaring av smykke og andre personlege eignalutar. Brev og religiøse bøker som bibel, salmebok og andaktsbok hadde kanskje plassen sin i kista.
Truleg var kista ein gong i tida laga til ein person som hadde initialane EOD og kanskje hadde ein merkedag i året 1748. Ein kan berre gisse på at vedkomande hadde eit namn som enda på «Digernes», og at kista såleis kan ha høyrt til på garden sidan 1748. Men kven EOD var, veit vi ikkje.Photo: Frederik IIs bibel frå 1589 som no er oppbevart i Ørsta kyrkje. (foto: M.Furseth).
Kong Christian III fekk namnet sitt knytt til ei bibelutgåve frå 1550, som vart kalla Reformasjonsbibelen, den første heile bibelomsetjinga som vart trykt på dansk. Ei revidert utgåve kom i 1589, og det er denne bibelen som er vist på bileta ovanfor. Utgåva blir kalla Frederik IIs bibel, sjølv om bibelen ikkje vart ferdig trykt før året etter at kong Frederik II døydde. Opplaget skal ha vore på mellom 1500 og 2000, og skulle i hovudsak nyttast i danske, norske og islandske kyrkjer. Bibelen er i dag rekna som eit klenodium og truleg eksisterer det i dag om lag 180 eksemplar, dei fleste oppbevarte i kyrkjer eller i museum.Photo: Frederik IIs bibel frå 1589 som no er oppbevart i Ørsta kyrkje. (foto: M.Furseth).Photo: Frederik IIs bibel frå 1589 som no er oppbevart i Ørsta kyrkje. (foto: M.Furseth).Photo: Bilete henta frå bibelutgåva i Ørsta kyrkje.
Teikninga finst heilt bakerst i bibelen, på «baksida» av blad nr 156 i «S. Johannis Aabenbaring», og mest truleg var det her dei to gutane kunne ha funne biletet av «Gamle-Erik».Photo: Illustrasjonen er sett inn i tilknyting til kapittel 20, der vi m.a. finn teksten (i nyare omsetjing): «Og eg såg ein engel stiga ned frå himmelen, som hadde lykelen til avgrunnen og ei stor lekkja i handi. Og han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusund år».
(foto: M.Furseth.)Photo: ANDERS HOVDEN
I den sjølvbiografiske forteljinga Odd som kom ut i 1896, fortel Anders Hovden om korleis Odd og «han Knut frami Rasmus-garden» stal seg til å lese i «den store bilæt-bibelen dei hev frami Rasmusgarden». Då råka dei fram på eit bilete av Gamle-Erik – han var nett i ferd med å freista sjeler i det gamle testamentet – og dei vart einige om å gjere det av med «styggetinget». Dermed reiv dei ut boksida, fór av garde opp på Åsen og brende opp «beistet».

Det har vore ein tradisjon at Anders Hovden nytta ei verkeleg hending frå sitt eige liv når han fortalde om denne «bibelbrenninga», og at bibelen som Odd og Knut las i, var den bibelutgåva av Frederik IIs bibel som Signy og Rasmus Digernes seinare gav til Ørsta kyrkje. Dermed har ein rekna med at boka då skulle mangle eit blad med ei teikning som kunne likne på «Gamle-Erik».

Når ein blar gjennom bibelen i Ørsta kyrkje, vil ein kunne sjå at det verkeleg manglar nokre blad. Boka er paginert slik at kvart blad har eit side-nummer (baksida av bladet er utan nummer), og mellom anna manglar desse blada: nr 33 og 34 i andre Mosebok, nr 72 til 78 i tredje Mosebok, nr 84 i Profeten Ezekiel, nr 169 i Samuels bok. Vi finn og at nokre av blada står i feil rekkefølgje, og det er såleis mykje som talar for at boka ein gong i tida var blitt sundlema og så bunde inn att på nytt.

For så å finne ut om det verkeleg manglar eit blad som høver med Anders Hovden si forteljing, måtte vi gjere samanlikning med andre utgåver av bibelen. Vi fekk m.a. kontakt med Øistein Bøe i Varteig Historielag og Solveig Krogsrud i Frogn Historielag, som begge hadde tilgang til ein slik bibel. Vi fekk tilsendt bilete av dei manglande sidene, men ei teikning med noko «Gamle-Erik motiv» kunne ikkje finnast der. Til sist fekk vi høve til å bla gjennom bibelutgåva som finst hos Sunnmøre Museum i Ålesund. Boka der er i rimeleg god stand, og etter å ha bladd gjennom heile boka, kunne vi konkludere med at det finst ingen slike teikningar i det gamle testamentet, men heilt på slutten av boka, i «S. Johannis Aabenbaring» finst det 3 grafiske illustrasjonar som kan seiast å innehalde teikning av «Gamle-Erik».

Deretter kunne vi konstatere at ingen av sidene med desse teikningane manglar i bibelutgåva som finst i Ørsta kyrkje!Photo: Bergljot Sandvik og Halfrid Eiksund med diktboka Anders Hovden gav til foreldra Ander og Hilda Steinnes etter vitjinga i august 1942, då diktarpresten sette vart med på å setje garn i Hovdevatnet for siste gong. Her framfor bautasteinen i Ytre-Hovden.Photo: Bergljot Sandvik og Halfrid Eiksund med diktboka Anders Hovden gav til foreldra Ander og Hilda Steinnes etter vitjinga i august 1942, då diktarpresten sette vart med på å setje garn i Hovdevatnet for siste gong.Photo: Bergljot Sandvik og Hallfrid Eiksund ved barndomsheimen like ved Hovdevatnet.Photo: Hallfrid Eiksund og Bergljot Sandvik på Hovdeåsen, med utsikt over Hovdevatnet.Photo: Hallfrid Eiksund og Bergljot Sandvik ved barndomsheimen i Ytre-Hovden, like ved Hovdevatnet.Photo: Anders Hovden, 1860-1943. (Teikning: Karl Straume, 1914.)Photo: Andaktsstund i Hovden sin barndomsheim. (Teikning: Kjellrun Straume.)Photo: Anders og yster Petrine, mor til kunstmålar Karl Straume. (Teikning: Kjellrun Straume.)Photo: Hadde ikkje Aasen vore, så hadde eg aldri kome levande frå Kristiania». (Teikning: Kjellrun Straume.)Photo: Anders talar i Aasen-tunet. (Teikning: Kjellrun Straume.)Photo: Hovden og Bjørnson i målstrid. (Teikning: Kjellrun Straume.)Photo: Hovden dansar til felemusikk av Olav Moe. (Teikning: Kjellrun Straume.)Photo: Hovden i lag med systersønene Karl Straume og Ola Strømme (Ola i midten). (Teikning: Kjellrun Straume.)Photo: Garnfiske på Hovdevatnet i 1942. (Teikning: Kjellrun Straume.)Photo: Kalven til Ola Strømme får drikke. (Teikning: Kjellrun Straume.)Photo: Arne Digernes syng ved Hovden-bautaen i 1946. (Teikning: Kjellrun Straume.)Photo: Vi ser at dei første postane i rekneskapen er datert 12. august 1907 og gjeld eit lån på kr 975,- i Ørstens Aktiebank og ei betaling av «barakkaa» med kr 700,-. Eit «Ekstrakt» pr 20. oktober 1908 viser at huset då hadde kosta kr. 1.914,79. I 1909 kom det til kostnader på kr 103,74 og pr 17. oktober 1909 var den samla kostnaden blitt kr 2013,75. Kassabehaldninga var då kr 4,78.
Om ein nyttar Norges Bank sin priskalkulator ville kr 2.013,75 i 1909 tilsvare om lag kr 147.100,- i dag. Vi ser òg at i perioden 1907-1909 hadde medlemer i laget skote inn kr 181,- og i dag ville det tilsvare om lag kr 13.200,-!


Vi ser på eit av bilaga at det gjeld innkome etter «korgaleiken» 18. oktober 1908. Når det var korgafest laga jentene, gjerne to og to ilag, korger med mat av beste slag. Korgene vart selde på auksjon, og det var sjølvsagt gutane som baud. Dei som kjøpte, fekk sitje ved duka bord på scena og ete or korgene saman med jentene. Dokumenta gir oss eit lite innblikk i særeigen språkbruk på den tida, og vi finn mellom anna uttrykka «Selt ei dyr» og «vendt ein omn». Begge orda skriv seg frå gamalnorsk og vi finn dei i norrøn ordbok: dyrr tyder dør eller døropning, og venda kjem av vernda som tyder omsetje eller kjøpe bort (på fransk: vendre).Photo: Photo: Photo: Photo: Photo: Photo: Photo: Photo: Photo: Photo: Photo: Photo: Photo: Photo: Photo: Fotografi av Ervingen. Biletet er henta frå boka: «Den frilynde ungdomsrørsla» av Sven Moren og Edvard Os (1921).
Det er tidlegare vist i «Ørsta-album» nr 12 (red. Jostein Moe). Ukjend fotograf.Photo: Bilete av Ervingen, truleg teke i samband med ei losjesamling kring 1920. Biletet er tidlegare vist m.a. i boka «Hovdebygda – folket og bygda i bilete» (skrift nr 7 - 1999) side 94, der personane er identifisert.

Fotograf var P. J. Sørå, og biletet var prenta som postkort.Photo: Ørsta Avis 1935.

Notis i Ørsta Avis den 6.5.1935.

Nytt ungdomshus, det noverande ”Ervingen”, vart bygt det same året, og mindre enn åtte månader etter brannen vart det nye huset innvigd, den 29. desember 1935.Photo: Gips-bysta av Ivar Aasen som vart berga då Ervingen brann i 1935. Originalen var laga i februar 1896 av Augusta Finne og det finst mange avstøypingar av denne bysta rundt om i landet. Gipsavstøypingar, lik den som Hovdebygda Ungdomslag har, vart i avisene i 1896 avertert til sals for kr 50,-.

Foto: M. Furseth.Photo: Frå eit utsnitt av eit bilete frå 1914 kan vi få eit visst inntrykk av korleis den første fana til ungdomslaget såg ut. Ho var måla av Karl Straume og truleg teken i bruk 17. mai 1914. Ho kan ha vore brukt så seint som i 1946, under høgtida då dei avduka bautasteinen til minne om Anders Hovden.Photo: Fana 			som Hovdebygda Ungdomslag har i dag. Ho vart måla av Karl Straume 			i 1955. Hovudmotivet er nok det same som på den gamle fana, men 			bunaden til jenta er no måla som ein Ørstabunad. Motiv-valet var 			nok ikkje tilfeldig: Karl Straume var med på arbeidet med å 			teikne ut rosene etter dei gamle mønstra, då Ørstabunaden vart 			rekonstruert i 1946/1947. Det var òg ei hovdebygda-kvinne, 			Synnøve Hamar, som i mange år heldt bunaden i hevd.
			
Foto: M. 			Furseth.Photo: Strømmegarden slik den såg ut i 1946. Eg sit på teppet, eit år gamal.Photo: Flyfoto av Strømmegarden frå 1954. Ola bygde på huset på slutten av førti-talet.Photo: Ungdomsbilete av Ola Johan Normann Strømme.Photo: Brudeparet Jenny Ulla og Ola. Dei gifta seg i 1909.Photo: Sjarmøren Ola på sine eldre dagar.Photo: Alltid velkledd og med hatt.Photo: Dei tre eldste borna til Jenny og Ola. Frå venstre: Frøydis, Olav og Jorunn. Jarle var ikkje fødd.Photo: Klassebilde-Standalhytta.

Me hadde hatt leirskule i fleire dagar på Standalhytta, og er her klare for heimreisa. Frå venstre: Rut Håskjold, Bente Lise Myklebust, Gunn Tove Kroken, Sølvi Oslandsbotn, Torhild Halse, Jorunn Øye, Siv Sørheim, Signe Digernes, Nelly Aarflot, Arnfinn Hovde, Rune Koppen, Rune Hovde, Tor Jonsson, Frode Busch, Svenn Erik Madssen, Ragnar Heggestad, Thor Ivar Hamar, Per Are Sørheim, Steinar Hovden. Sitjande: Jan Torgeir Hovden og Alf Børre Otterdal. Foto frå om lag 1976/77.Photo: Klassebilete, Hovden skule 1975.

Ståande frå venstre: Jorunn Øye, Sølvi Oslandsbotn, Torhild Halse, Bente Lise Myklebust, Nelly Aarflot, Rut Håskjold, Siv Sørheim, Torbjørn Urke, Rune Koppen, Rune Hovde, Alf Børre Otterdal, Arfinn Hovde, Jan Torgeir Hovden, Svenn Erik Madssen, Thor Ivar Hamar, Tor Jonsson og Ragnar Heggestad. Sitjande framme frå venstre: Gunn Tove Kroken, Signe Digernes, Steinar Hovden, Per Are Sørheim og Frode Busch. 5. klasse 1975/76.Photo: Klassebilete Hovden skule 1978.

Ståande frå venstre: Jan Magne Aurvåg, Stig Petter Hovde, Anita Aakre, Laila Kongsvoll, Magrete Kroken, Olaug Hovden, Mari-Ann Hovde, Johanne Koppen og Møyfrid Engeset.
Sitjande frå venstre: Atle Sunde, Geir Engelsen, Heidi Steinnes, Wenche Hovde, Hilde Steinnes, Laila Bjerke, Grete Marta Sørheim, Randi Davik, Jon Bjarte Koppen og Torstein Standal. 6. klasse 1979/80 på Brudevolltunet.Photo: Hovden skule 1978 på tur til Hjørundfjorden.

Ståande frå venstre: Anita Engelsen, Marianne Pilskog, lærarstudent Annvor Gjul Helgheim, Bente Kristin Ulfset, lærarstudent Anne Marie Hanset, Evy Pilskog, lærarstudent Kristin Hesselberg, Kristin Merete Sørheim, Reidun Petra Heggdal, Ole Jostein Fet, Kjell Otterdal, Gustav Egset og Mads Ove Steinnes.

Sitjande frå venstre: Birte Jonsson, Lise Flø, Trude Helen Kroken, Hildegunn Marie Standal og Hildebjørg Johansen. Foto frå 1978. (Ingrid Tunheim, Geir Tore Orten, Jon Idar Storeide og Erlend Maurstad var òg ei tid elevar i denne klassa).Photo: Klassebilete nedom Aasenbuda i 1979

Ved ”Buda” i Aasentunet frå venstre: Eldar Øye, Torbjørn Aurvåg, Trond Hjorthaug, Birte Jonsson, Odd Martin Svendsli og Kjell Otterdal. På grasbakken bak frå venstre: Kjetil Myklebust, Mads Ove Steinnes, Hildebjørg Johansen, Kristin Sørheim, Torbjørn Urke, Lise Flø og Bente Kristin Ulfset. Framme: Hildegunn Marie Standal, Trude Helen Kroken, Reidun Petra Heggdal og Evy Pilskog. På dette bildet er ikkje klassa fulltallig. SA-capsen som Lise og Hildegunn har på, er eit prov på at me hadde vitja Sunnmøre Arbeideravis i Ålesund den 10. mai 1979. Foto frå 1979.Photo: Skuletur til Trondheim i mai 1985.

I mai 1985 reiste me til Trondheim på skuletur. Runar Gudnason, etter kvart kjend som kreativ Side Brok-general, foreslo at klassen skulle søkje Fantomets klassesturstipend. Me så gjorde og laga så god søknad at me fekk stipendet. Med god hjelp av støttande foreldre kunne me i mai 1985 gjennomføre klasseturen. Biletet er teke etter omvisinga i Nidarosdomen. Frå venstre: Runar Vinjevoll, Janne Ringset, Anne Longva, Maj Britt Aam, Greta Hovde, Beate Ryste, Karin Kolås, Mette Synnes, Tone Hovde, Gunnhild Ringset, Øyvind Halse, guiden, Geir Osvik, Per Gunnar Koppen, Terje Osvik, Lisbeth Hovden, Signy Ryste, Monica Myklebust, Line Brattli, Siv Digernes, Idar Myklebust, Grete Ringset, Atle Engen og Runar Gudnason.Photo: Skodespel frå 1975 - Hovden skule.

Her er det skodespelet ”Byen vår” frå Egners lesebok. Frå venstre: Per Gunnar Koppen med sangteksten, Line Brattli er fiskaren, Beate Ryste, Tone Hovde, Janne Ringset, Mette Synnes er bakar, Runar Vinjevoll feiar, Øyvind Halse snikkar, Atle Engen, Runar Gudnason, Monika Myklebust, Lisbeth Hovden, May Britt Aam, Siv Digernes, Karin Kolås og Gunhild Ringset. Foto ca 1976.Photo: Sommaravslutning ved Hovden skule i juni 1975.

Då bildet vart teke var Valborg Myklebust i aksjon med ei gruppe av sine elevar, skulekorpset i uniform kjenner me att mellom publikum og her er yngre sysken, foreldre, eller rettare sagt; mødre. Med ei lupe kan ein truleg finne mange unge kjenningar her. Billetmontasje 1975.Photo: Studentflørt frå 1979

Å ha lærarstudentar i praksis var positivt, dei gjorde det mogleg å individualisere både undervisninga og samtalen. Her er skuleklassa på Hjørundfjord-ekskursjon til Tussa sin kraftstasjon på Bjørke. Lærarstudent Annvor Gjul Helgheim ikkje berre underviser, men sommarflørtar med f.v. Eldar Øye og Odd Martin Svendsli. Foto 1979.Photo: Syngande lærarar.

Song og musikk stod høgt i kurs ved Hovden skule. Her er eit døme på ”Syngande lærarar” frå ei festtilskiping på Møre folkehøgskule i 1975”. Frå venstre: Marianne Fylling, Olav Marøy, Aslaug Muren og Hildur Mulvik.
Syngjande lærarar.Photo: Spelande lærarar.

Mange av lærarane ved Hovden skule trakterte ulike musikkinstrument. Her har me eit døme på ”Spelande lærarar” ved Hovden skule, her ved ei festtilskiping der me vitja Møre Folkehøgskule . Frå venstre Leif Rogne, Cecilie Torbjørnsom ved flygelet og Håkon Høydal.Photo: Gode kokkar på Standalshytta i 1976 - 77.

Gode kokkefolk på Standalhytta 1976-77. Frå venstre Frode Busch, Rune Hovde, Torhild Halse og Arnfinn Hovde til høgre. Den lyse luggen gøymd bak Arnfinn Hovde, er truleg Gunn Tove Kroken.Photo: Hovden skulekorps.

Hovden skulekorps var nær knytt til Hovden skule. Ja, eg minnest t.d at ei brass-gruppe hadde musikkøving i vanlege musikktimar på skulen, - eit godt døme på samarbeid mellom korpset og skulen.
Bakerste rekkja frå venstre:
Thor Ivar Hamar, Øystein Aasen, Geir Davik, Jan Flø, Rolf Kroken, Erlend Slokvik, Svenn Erik Madssen, Tor Aasen, Per Are Sørheim, Leif Davik, Arnfinn Hovde og Ragnar Heggestad.

Andre rekkja frå venstre: Trond Hjorthaug, Odd Martin Svendsli, Kari Halse, Solaug Eiksund, Sindre Skurtveit, Rune Hovde, Alf Børre Otterdal, Svein Jarle Mo, Bjørn Kristian Myklebust, Steinar Hovden og Eldar Øye.

Første rekkja: Kristin Sørheim, Johanne Ryste, Elin Slokvik, Torbjørn Urke, Håkon Høydal, Jorunn Øye, Gunn Tove Kroken og Ragnhild Engeset. Foto frå om lag 1976.Photo: Torbjørn Urke.Photo: Påsketur til Lidaveten.

Ungdomar i påska 1964. Ungdomane frå Lid, Steinnes og Sørheim hadde ofte Lidaveten som samlingspunkt. Den tida samlast vi og gjekk på fjellturar, anten på Veten eller Helgehornet, som var dei mest nærliggande fjella. På toppen av varden sit frå venstre: Paul Lid, Olav Steinnes og Harry Bjerknes. 
Under til venstre: Solfrid Steinnes, g, Førde, Svein Arild Steinnes og Berit Sørheim, g. Hjorthaug.
Nederst frå venstre står: Jakob Lid, Norvald Bjerknes, Ingeborg Eidheim, g. Aarflot, Ingunn Sørheim, g. Kristiansen, Asbjørg Eidheim, g.?,. , Ingunn Steinnes, g.?..., ukjend, Roar Steinnes og Gerd Steinnes, g. Valseth.  Fotograf og tekstforfattar: Albert Steinnes.Photo: Bilete er teke av varden på Lidaveten den 1. mai 2005. Bak varden ser vi innover mot Dalsfjorden til høgre og Voldafjorden med Folkestad til venstre. Fotograf og tekstforfattar: Albert Steinnes.Photo: Då varden på Lidaveten feira 50 år i 1964, vart det skipa til stor fest der oppe. Mykje folk var samla og far min, Alfred Steinnes, fekk i oppdrag å gravere ei plate som vart bolta fast i varden. Plata er laga i messing, og er gravert av Alfred Steinnes på Grepa og Mjelva fabrikker i Ørsta. Biletet er teke den 1. mai 2005. Fotograf og tekstforfattar: Albert Steinnes.Photo: Bilete er teke frå Lidaveten mot Ørstafjorden 1. mai 2005. Fotograf og tekstforfattar: Albert Steinnes.Photo: Egil Sandvik, her på ein frisk fjelltur var leiar i HIL i 1934Photo: Ingulv Myklebust i svevet.Photo: Biletet viser inngangen til Rysten postopneri med postskiltet og postkassa på veggen ved sida av inngangsdøra. Karen som står i døropninga er Rasmus Mathias Digernes (1886-1972) frå Pålgarden på Digernes. Han reiste til Amerika i mars 1911, og biletet må difor ha vore teke ein gong før den tid, truleg vinteren 1910/1911.

Kvinna som sit heilt til høgre på biletet, er truleg Ingeborg Marie Digernes (1874-1963). Ho var dotter til Karl Danielson Fagerhol, og var gift med Arne J. Digernes frå Arnegarden på Digernes. Dei andre personane på biletet har vore uråd å identifisere.
(Ukjend fotograf) (Utlånt av M.Furseth)Photo: Bilete av husa på Ullvarefabrikken 			i Hovdebygda. Inngangen til Rysten postopneri er ser vi på 			endeveggen på den nærmaste bygninga på biletet. Legg merke til 			den høge pipa øvst til venstre.
			Biletet er henta frå eit postkort 			som Berta Myklebust sende frå Hermansverk, datert 12. desember 			1913. Fotografiet som vart nytta til postkortet, må nokså truleg 			ha vore litt eldre, m.a. ser vi at postskiltet og postkassa på 			veggen manglar. 			
			
(Utlånt av M.Furseth)Photo: Biletet må ha vore teke stutt tid før 1911 og er truleg teke inne i bygninga der postkontoret var. Karen heilt til venstre er Rasmus Mathias Digernes (1886-1972). Dei andre karane er ikkje sikkert identifisert, men nr 2 frå venstre kan vere Korsa-Sigvald, Sigvald Olsen Hovden (1887-1981) frå Gunnargarden, Ytre- Hovden, og nr 3 frå venstre kan vere Pe-Knut, Knut P. Ryste (1878-1964) frå Pegarden i Midt-Rystene.

(Ukjend fotograf - utlånt av M.Furseth)Photo: Biletet er frå eit postkort som Rasmus Digernes (den gongen: Rasmus K. Hovden) fekk som julehelsing i 1912, medan han var i St. John i Nord-Dakota. Avsendar var Bertha Myklebust (1889-1988) som var tremenningen til Rasmus Digernes. Ho var dotter til Paul Larsen Myklebust - Spinneri-Pål - som då var eigar av Ørstens Aktie- Uldvarefabrik i Hovdebygda, og den første som hadde stillinga som postopnar i Rysten postopneri.
Huset på biletet vart kalla «Låna» og høyrde til Ullvarefabrikken. Det vart nytta til bustadhus og kontor. Seinare vart huset bygt om og nytta til hybelhus til det brann ned til grunnen den 7. september 1986.

Dei seks kvinnene på biletet er ikkje sikkert identifisert, men truleg er ei av dei Bertha Myklebust. På biletet er det skrive med penn: «Siste Jol me er her». Året etter (1913) slutta Paul Myklebust i stillinga som styrar av postopneriet. Då reiste han og familien hans til Hermannsverk i Sogn der han vart disponent på Sygna Ullvarefabrikk.
(Utlånt av M.Furseth)Photo: Den høge pipa
På det fotografiet ovanfor som viser nokre av bygningane , kan ein øvst til venstre i biletet, sjå ei høg og slank pipe. Pipa må truleg ha vore 12-15 m høg, og etter alt å dømme var ho bygt av murstein. Pipa finst ikkje på det kjende postkortet av ullvarefabrikken av 1908/09, men er derimot med på biletet ovanfor som må ha vore fotografert f ø r 1912, og pipa må difor ha blitt sett opp ein gong i åra mellom 1908 og 1912. Pipa stod eit stykke frå husa og vart ikkje øydelagt i brannen i 1926, men vart truleg riven ein gong på slutten av 1930-åra.

Bilde med tekst «Møreidyll» - henta frå fotoalbumet til Signy Digernes, i ei samling med fotografi frå 1930-åra.

(utlånt av M.Furseth)Photo: Teikning av Karl Straume som stod på trykk i "Romsdals Amt: Søndmør", i serien Frå Norges Næringsveie i Tekst og billed, som vart utgitt i 1920. Det er ikkje alt som stemmer med detaljane i biletet og kanskje hadde K. Straume laga ei «idealisert» skisse av anlegget, slik det hadde vore meininga å bygge det ut. Som vi veit, brann fabrikken ned til grunnen i 1926.Photo: Inne mellom to av sidene i ein gamal reskontroprotokoll som høyrde til forretninga «Signy Digernes» i Ørsta, har eit lite brev blitt liggjande sidan året 1926. Sjølv om brevet snart er 90 år gamalt, kan vi likevel nøye oss med å kalle henne, for det galdt ei kvinne, for NN og nemne at ho ikkje var frå Ørsta, men frå ei bygd i Sande kommune. Det er noko uvisst kven ho var, men truleg var ho berre 17 år gamal då ho skreiv brevet, som lyder slik:
……. den 30-12-26


Fru Signy Digernes.
Eg vil i all hast skrive til deg. Det var um det eg var skuldig deg eg liksom vilde skrive um. Som du veit, so lova eg å betale det til nyttår, for eg trudde at eg skulde få meg syplass i Volda, men det fekk eg ikkje, so eg hev vore heime og ingen ting tent, so det er ikkje so greidt for meg heller. Du kann ikkje tru kor vondt det gjer meg at eg ikkje hev noko aa betale med, og eg angra slik på at eg ikkje skulde betale deg, då eg var i Rustene og tente penger. Eg tenkte då og då at deg skulde betale deg, men aldri vart det. Men no skal eg segja deg, at no straks skal eg til Fosnavåg og salte sild, naar dei begjynder å fiske sild. Og so snart som eg hev tent so mykje so skal eg sende til deg i posten. Eg skulda ha sent deg pengane i dag med min beste vilje, for eg veit kor det er, kvar vil have sitt. Men Signy, viss du vil vere so snild å vente meg ein månad til, so skal eg før late deg få nokre kroner til rente. So eg vonar du er snild å vente, so skal eg sende det i slutten av Januar eller fyrstundes i Februar.
Godt nyttår!
Helsing NN

19.7 - Rest på jumper kr 8,-
24.9 - Rest på hatt kr 15,50
16.12 - Rest på hatt kr 5,-
Signy hadde ført på renter med kr 0,40
«Pr Balanse» den 31.12.26 var: kr 28,90


Korleis det gjekk vidare med jenta, og om ho greidde å betale gjelda si, veit vi ikkje sikkert. I reskontroboka står kontoen til NN framleis som ubetalt, men Signy har sett ein strek over summen …Photo: Den 13. august i 1964 var det storbrann i Ørsta sentrum. Då brann den store sjøbuda på Landhandelkaia. (Foto frå Møre-Nytt 17. august 1964.)Photo: Hovdebygda sitt A-lag i fotball på Ørsta stadion kring 1960. Framme frå venstre: Per A. Hovden, Hans M. Ryste og Brynjulf Skurtveit. Bakerst frå venstre: Ingulv Myklebust, Torgeir Hovden, Jens Kåre Engeset, Jostein Myklebust, Agnar Kroken, Svein Aasen, Teodor Hovde og Steinar Hamar. (Foto frå Hovdebygda – folket og bygda i bilete, 1999.)Photo: Interiør, Ørsta kyrkje, i 1920. (Foto: Amedé, Bergen. Frå boka Ørsta kyrkje gjennom tidene, 1990.)Photo: Karl Straume teikna av Per Nesje-Nilsen i 1964.Photo: Lysing frå O. Hovden Lenestolfabrikk i Møre-Nytt den 28. februar 1964.Photo: I 1964 var Ørsta Gutemusikk på landsstemne i Oslo. Der var 20000 deltakarar. Dette er frå Ullevål stadion. (Foto: Oddbjørn Sæter. Biletet stod på trykk i Møre-Nytt den 6. juli 1964.)Photo: Ørsta ungdomslag var 60 år i 1964. Dette er frå 60-årsfesten. Frå venstre: Knut Sandvik, Erik Svendsen og Signe Garmo, som takkar for maten. (Foto frå Møre-Nytt 2. oktober 1964.)Photo: Ørsta Samvirkelag si avdeling i Hovdebygda vart nedlagt den 30. juni 1989. Ein av dei faste kundane, Rolf Ryste, gjer sine siste innkjøp på butikken. Han vert ekspedert av Turid Grete Nilsen (f. Almestad). Fotograf var Reidun Osborg Aasen.Photo: Gamlekonene på Sørheim fotograferte kring 1939. Til venstre: Karen Olave Jetmundsdotter Sørheim, f. Liadal (1850-1943). Karen Olave var gift med Peder Pedersen Sørheim (1843-1927). Til høgre: Ane Marta Larsdotter Sørheim, f. Lianes (1841-1941). Ane Marta var gift med Peder Elias Sørheim (1843-1913).Photo: Bading ved Bergelandet, Hovdevatnet, under krigen, Fra venstre: Jon Aasen, Rolf Aasen, Jostein Aasen, Roe Aasen Heggdal, Jarle Takseth, Ingeborg Aasen, Kjell Aasen Heggdal og Svein Aasen. Fotograf var Ragnar Aasen.Photo: Jonsokfeiring på gamle idrottsplassen rett etter krigen (i 1946 eller 1947). Borna har klatra opp på bilen til Egil Sandvik, og me ser m.a. Jostein Aasen og Jon Aasen, og Terje Aasen og Bjørn Aasen. Kjellaug Ingebrigtsen tok biletet.Photo: Jonsokmoro på gamle idrottsplassen i 1946 eller 1947. Fotograf: Bjarne I. Hovden.Photo: Fra "badedamì" i Mòsla-elva i 1970. Til høgre på biletet ser me Nelly Aarflot og Brit Skurtveit. Jenta på steinen til venstre er barnebarnet til Johannes Nedrelid. "Badedamì" eller berre "damì" låg framanfor brua som førte til utmarka for gardbrukarane i Indre-Hovden. Brua låg om lag der flyplassvegen kryssar restane av elva i dag. "Damì" og elva var ein populær stad for bading og leik.Photo: Frå Olagarden i Store-Rystene i slutten av 1930-åra. Her skal kyrne leidast "oppom gar­den" på beite. Rystegardane eigde utmark i Indre-Hovden. Der hadde dei òg vårfjøsar til dyra, og dit gjekk dei for å mjølke. På biletet ser me frå venstre: Olav Innselset, Oddrun Innselset Bjørlo (1915-1994) og Per Innselset (1930-1985). Fotograf var Ingeborg Berg Innselset.Photo: Pd Sunnmøre Barneheim i 1961. Borna og dei tilsette er fotograferte på trappa til våningshuset. Første rekkja frå venstre: styrar Lars Kaldefoss, Anny Kaldefoss, Ragnar Skjåstad og Solgunn Eidheim. Andre rekkja frå venstre: Knut Holmgren, Hugo Kvalnes, Åsmund Eidheim, Agnar Jetmundsen og Aslak Kristensen. Tredje rekkja frå venstre: Bjarne Haugen, Magne Haugen, Aksel Holmgren og Jarle Eidheim. Namnet pd del tilsette bakerst er ukjende. Aslaug Kaldefoss var fotograf.Photo: "Gamlekarane" entra fotballbana att ein gong i 1970-åra på gamle idrottsplassen. Fra venstre: Trygve Aasen, Torgeir Hovden og Brynjulf Skurtveit. Petter Sandvik har teke  biletetPhoto: Ungdomar frå Hovdebygda på skitur på Bondalseidet eit av del første krigsåra, anten i 1941 eller i 1942. Her tek dei seg ein pause med grammofonmusikk. Ungdomane er frå venstre: Alvhild Heen Hovden, Ragnhild Ryste Amdam, Syver Krøvel og Rolf Digernes. Fotograf var Olav Innselset.Photo: Frå Nilsgarden i Ytre-Rystene i 1931. Bak frå venstre: Elin Hovden Digernes (f. 1922), Bergljot Hovden Færø (f. 1926), Torgeir Hovden (f. 1927), Maria Hovden Godø (f. 1925) og Nils Hovden (f. 1920). Sitjande framme: Bjarne Hovden (f. 1930). Fotograf var Elfrid Klepp.Photo: Ein sommardag i 1910. Biletet er teke i bakken ovanfor Hòle-tunet (Fagerhol). Fra venstre: Syver Aasen, Jon Aasen og Jon Fagerhol. Bak: Ivar J. Aasen. Fotografen Jon K. Fagerhol, f. 1872, Han Iærte fotografering då han gjekk på lærarskulen i Oslo kring århundreskiftet Han var lærar i Mosjøen, men kom heim kvar sommar til kring 1920, og han var flittig med fotoapparatet.Photo: Ivrige tilskodarar då krokettbana på Ole Martinus-plassen i Rystebakken vart opna søndag den 12. september 1993. Framme frå venstre: Odd Digernes, Kåre Hovden, Torgeir Hovden, Ingulv Myklebust, Bjarne K. Hovden, Olav Innselset, Erling Melheim, Lars Kvalheim og Magnhild Kvalheim. Bak frå venstre: Ludolf Hovde, Svanhild Ivarson, Ivar Kroken og Jon Nedrelid. Foto: Møre-Nytt.Photo: Tre glade bileigarar på vegen ved Johannes-garden i Ytre-Hovden i 1935. Frå venstre: Leif S. Hovden (f. 1927), Kåre A. Hovden (f. 1925) og Jens Kåre Engeset (f. 1930).Photo: Pettergarden i Indre-Hovden. Tunet er sett frå vest. Måleriet er frå 1943. Kunstnar: Karl Straume.Photo: Frå Hovdecupen i 1981, og Hovdebygda tapte kampen mot Mauseidvåg med 4-7. Frå venstre; domar Steinar Teigen, Bente Breivik (nr. 6), Siv Hessen (nr. 7) og Reidun Krøvel Myklebust (nr. 10). Fotograf var Einar Søberg.Photo: Hovdebygda ungdomslag spelar "Huskom på Haugen" i 1978 eller 1979. På scena ser me frå venstre: Arnstein Ivarson, Nelly Synnes, Oddbjørn Sæter, Brit Skurtveit, Ivar Bjarne Hovden og Brynjulf Skurtveit.Photo: Hovdebygda sitt fotballag i 1956. Bak frå venstre: Jon Aasen, Agnar Kroken, Ingulv Myklebust, Brynjulf Skurtveit, Rolf Hatlelid, Syver Krøvel og Peder Synnes. Framme frå venstre: Per E. Hovden, Hans M. Ryste og Torgeir Hovden. Det var truleg Ivar Ivarson som tok biletet.Photo: Den første reine popgruppa i Ørsta/Volda. Frå venstre; trommeslagar Ivar Mathias Kjell ("Gutte") Hovde, sologitarist Jostein Fagerhol, rytmegitarist og vokalist Mads Ryste og bass-gitarist Ove Røv. Biletet er frå 1966 eller 1967. Gruppa "Stag Hounds" vart skipa i Madsgarden i 1963 med Marianne Synnes som vokalist, Ove Røv på munnspel, Jostein Fagerhol på gitar og Mads Ryste, gitar og song. Dei første melodiane dei øvde på var: "Tom Dooly" og "Regniga Natt". Øvingane var på altanen i Madsgarden til stor sjenanse for grannane. Gruppa vann den første amatørtevlinga i Stryn den 5. november 1966, og dei slo då ut meir kjende grupper som "The Candles" og "Star Beats". Vinnarmelodien var "Mot ukjent sted". "Gutte" var då ikkje komen med, så Morten Haavik var trommeslagar. Premien var eit eloksert fat i aluminium og ei ostefjøl. Andre som har vore inn om gruppa er: Egil Graskopf og Magnar Liaskar, båe fra Ose. Gruppa skifta seinare namn fleire gonger: "The Anvils Group", "Twilights" og "Power of flotation". Gruppemedlemmene spelte dei siste åra fram mot 1990 i gruppa "Snoopy" der Johan Skår og Stig Krøvel òg var med. Jostein Fagerhol var òg med her av og til, m.a. i den store 60-tals-mønstringa i Ørsta i 1993. Fotograf: Johan Taftesund.Photo: Handballdamer under bygdedagane, truleg i 1979, fotograferte ved Hovden skule. Framme frå venstre: Petra Ingebrigtsen, Magni Myklebust, Margot Bergersen, Berit Eidheim, Anne Kari Aasen, Reidun Krøvel og Jenny Eiksund. Bak frå venstre: Gerd Koppen, Annfrid Fagerhol, Solveig Hamar, Gunnhild Maurstad, Grete Ringset, Gretha Hovde, Bergljot Sandvik, Gudny Fagerhol, Else Røv, Tove Brautaset Yksnøy, Gerd Ingebrigtsen og Dagrun Ringset. Foto: Petter Sandvik.Photo: Hovderevyen 1997. Bergljot Sandvik, t.v., Roe Digernes og Mads Ryste framfører "Rikets ball". Fotograf: Sverre Riise.Photo: Ved ungdomshuset "Ervingen" kring 1920. Dei unge i bygda er samla utanfor det gamle ungdomshuset. Huset vart bygd i 1907. Det brann ned i 1935. Det nye ungdomshuset vart teke i bruk den 29. desember same året. Dette er truleg ei losjesamling. Me ser lærar Eyvind Salvesson (1875-1955) bak til høgre. Fremste rekkja frå venstre: Hjørdis Digernes, Arnhild Hovden Engeset, Hjørdis Berg, Solveig Ryste, Jofrid Eikrem, Olaug Hamar, Borghild Hovden ("Skule-Borghild"). Ei klyngje til venstre: Anna Digernes, Gudrun Selbervik, Kaspara Ryste, Signe Aasen, Jorunn Hamar, Magnhild Aasen og to ukjende. Fremste rekkja held fram: Roar Aasen, ukjend, Leidulf Hovden, Hans Aasen, Sverre Salvesson, Vermund Hamar, Ragnvald Salvesson, Hilmar Blomvik, Knut Hovden, Olaug Ryste, Hjørdis Ryste, Jofrid Ringset, Margrete Bauch (tysk). Frå høgre: Eyvind Salvesson, Astrid Straume, Jon Hamar, Johannes Aasen, Borghild Hovden, Magne Selbervik, Karl Hovden ("Skule-Kalla"), Sivert Hamar, Kåre Aasen og Ingebjørg Hovden («Skule-Bjørg»). Fotograf var Peter J. Sørå. Biletet vart prenta som postkort.Photo: Hovdebygda soge- og velferdslag tok i 1999 teke over samlinga av båtbyggjarutstyr etter Nils Olsson Kile. Det var Rolf Ryste gav frå seg samlinga til laget. Jarle Sandvik, til venstre, og Leif Eiksund ordna og merkte samlinga i eit eige lokale på Hovden skule. Foto: Petter Sandvik.Photo: Det gamle tunet i Pettergarden i Indre-Hovden. Det vesle huset heilt til venstre ved treet vart kalla Ingeborg-Olina-stova. Nærare står gamlebuda, og nedanfor er nyebuda. Fremst og nærast på biletet står stovehuset. Personane på biletet er frå venstre: Matias Hovden, ei ukjend og Gurine Hovden. Borna i framgrunnen er ukjende.Photo: 6. og 7. klasse ved Hovden skule på skitur til Solliddalen vinteren 1941. Skulen var då firdelt, og dei som er med på biletet gjekk i same klassa. Anders Steinnes var lærar, men han vart diverre sjuk, og klassa hadde ein vikar frå Larsnes som heitte Peder Steinnes. På biletet ser me ståande frå venstre: Lilly Aarflot, Knut Engeset, Gunnvor Sætre, Svanhild Ivarson (f. Kroken) og Anna Myklebust (f. Hovden). Sitjande frå venstre: Hjørdis Ulfseth (f. Hovde), Alvhild Terøy (f. Hovden), Torgeir Hovden, Hallfrid Eidheim (f. Berg), Per E. Hovden, Kari Hovde (f. Digernes), Leif Ose, Leif S. Hovden, Malvin Åsheim og Perdy Vasbotn (f. Ryste).Photo: 2. klasse ved Hovden skule, skuleåret 1954-55, fotograferte på skuleplassen ved gamleskulen i Ytre-Hovden hausten 1954. Fremste rada frå venstre: Jorid Fagerhol, Vigdis Forberg, Ingunn Aasen, Kari Digernes, Sigrid Lødemel, Bodil Hovden og Tordis Digernes. Andre rada frå venstre: Sjur Hamar, Åge Roar Aas, Magnhild Fagerhol, lærar Astrid Dale, Ingunn Hovden og Åse Hovden. Bakerst frå venstre: Olav Ingebrigtsen, Einar Myklebust, Ove Digernes, Jarle Digernes, Jostein Ringset, Odd Leikanger og Harald Aasen.Photo: Fra 1967 fekk Hovden skule eit  tilbod til funksjonshemma elevar. Her er nokre frå skulen, truleg ein gong midt i 1970-åra, på vitjing i Madsgarden i Store-Rystene for å oppleve ein ridetur og nærkontakt med ein øyk. Frå venstre: Dag Aarsæther, Kristin Ås (ho var frå Ålesund og var ei tid leiar for dagheimen), Linda Humberset, lærar Marianne Fylling og Hans M. Ryste. Foto: Møre-Nytt.Photo: Utanfor Madsgarden i Store-Rystene kring 1940. Bak frå venstre: Johanne Ryste, Solveig, g. Rønning, Olaug, g. Haavik  og Margit, g. Synnes. Framme frå venstre: Helga, g. Fjellstad, og dei to borna er: Jorunn Fjellstad, g. Schjerven og Peder Synnes. Foto: Arnfinn Myklebost.Photo: Arbeidarar ved «Møre», fotograferte i 1943. Fremste rekkje frå venstre: Ludolf Hovde, Ivar Ivarson, Alf Ose, Ivar Aasen, Øyvin Hamar og Anders Aasen. Andre rekkja frå venstre: Aslaug Aasen, Randi Myklebust, Lilly Hovden, Aslaug Ivarson, Oddrun Bjørlo, Lilly Bratteberg, Karen Eikrem og Elin Digernes. Bakerste rekkje frå venstre: Signe Aasen, Laura Engeset, Mathilde Hovden, Solveig Almestad, Agnes Ryste, Borghild Engeset og Jolaug Fagerheim.Photo: I september 1997 skipa Hovdebygda soge og velferdslag til kulturdagar då m.a. elevane ved skulen fekk oppleve korleis dei mol korn i gamle dagar. Frå venstre: Silje Strømme, Anja Kristin Steinnes og Synnøve Wanessa Hansen saman med Elias Hjorthaug i eit av kvernhusa ved Hovdeelva. Foto: Møre-Nytt.Photo: Elevar ved Hovden skule kring 1920. Bak frå venstre: Olaug Ryste (gift Driveklepp), Solveig Ryste (gift Rønning), Hjørdis Ryste (gift Vinjevoll), Hjørdis Digernes (gift Nordal), Borghild Hovden (gift Sætre), Jofrid Hovden (gift Ringset), Arnhild Hovden (gift Engeset), Jofrid Eikrem (gift Moe) og Olaug Hamar (gift Fiskå). Læraren er Ivar Hovden (Skule-Iver). Framme frå venstre Normann Rudi, Artur Hessen, Hilmar Blomvik, Nils Digernes, Joakim Kipperberg, Anders Aasen og Sigvald Koppernes.Photo: Ved 20-årsjubiléet for skulekorpset i 1992. Frå venstre: Håkon Høydal (dirigent 1972-82), Gry Marita Aakre, Jeanette Ulvestad, Anette Solberg og Knut Andreas Foldal (som har vore dirigent for korpset frå 1982). Foto: Møre-Nytt.Photo: Sonja Hovden Vidnes har i ei årrekkje samla inn pengar til fylkessjukehuset i Volda. Bak frå venstre: Alvhild Ryste, Klara Aarflot, Syver Brautaset, Sonja Hovden Vidnes, sjukepleiar Tønnessen og Elisabeth Larsen. Framme frå venstre: Karsten Eikrem, Marianne Larsen og Nora Helle Riise. Foto: Møre-Nytt.Photo: Kinaforeininga, truleg i 1960-åra. Framme frå venstre: Synnøve Hovden, Ingeborg Straume, Ida Hovden, Berte Krøvel og Arnhild Engeset. Bak frå venstre: Berta Hovden, Klara Aarflot, Petra Selbervik, Aslaug Ryste og Solveig Moe. Foto: Ivar Fagerhol.Photo: Hovdebygda og Mork musikklag (om lag 1950). Frå venstre: Ukjend, Jolaug Fagerhol, Oddlaug Egset, Ragnhild Eikrem, Berta Hovden, Lilly Hovden, Anders Finnøy, Bergit Hovden, Alvhild Brautaset, Elbjørg Håskjold, Borgny Finnøy, Inger Finnøy og Lars Egset.Photo: Hovdebygda Songlag kring 1990. Frå venstre; dirigenten Olav Baarøy, Ingeborg Sunde, Fridtjov Håskjold, Lidvor Hovden, Inger Fagerhol, Karl Fagerhol, Ragna Hovden, Egil Davik, Klara Aarflot, Ivar Fagerhol og Aslaug Ryste.Photo: Santalforeininga først på 1980-talet. Framme frå venstre: Inger Fagerhol, Solveig Almestad, Ingeborg Sunde, Ragnhild Håskjold og Solveig Eikrem. Bak frå venstre: Bjørg Engeset, Ada Halse, Alvhild Fagerhol, Dagmar Selbervik, Bjørg Hovden og Gunvor Davik.Photo: Elevar og lærarar frå Møre Folkehøgskule på Hovdevatnet vinteren 1936 -37.Photo: Påskeferie på Osssetra i 1945. Lengst til venstre Arnulf Ryste, heilt til høgre Alvhild Hovden.Photo: Photo: Photo: Photo: