Profile cover photo
Profile photo
Kortmat AS
1 follower
1 follower
About
Kortmat AS's posts

Post has attachment
Tilbake på kontoret etter nokon fantastiske dagar på Plukk Vilt-kurset til Kompetansenavet Vest på Værlandet/Bulandet. Vi gler oss til å ta i bruk det vi har lært, utforske land og hav og sjå kva vi kan finne av godsaker og ville vekster i nærområde vårt. Takk til Kompetansenavet, Ane Willman frå Vill Mat - Sanking av ville vekster, Leif Sørensen, Anette Eckmann, Nils-Henning Nesje, Hanne Frosta, Gunhill Sæle Bjørkhaug frå Havsalaten Kjøkken og bar og alle andre som deltok for all inspirasjonen og det gode selskapet! Her er nokre glimt fanga av fotograf Tommy Tindlund. http://ow.ly/i/vcsNx http://ow.ly/i/vcsNI
Photo

Post has attachment
Ynskjer du å handle meir lokal mat på nett?

Då bør du ta turen innom desse nettsidene neste gang du er på jakt etter herleg lokal mat eller ein uforgløymeleg kortreist ferietur.

Om du vil at fleire skal gjere som deg, så del gjerne den gode nyheita om at Gaularfjell, Norsk Hjortesenter - vakkert, vilt og levende, Sangnæspølsa og Toten Kjøtt AS har fått nye nettsider.

Post has attachment
Vi spurde Lene Havåg frå Prosjekt Norges matfat om kva tips ho har til dei som let seg inspirere og som ynskjer å ete meir norsk lokalprodusert mat. Dette var svaret.

Om du ikkje allereie har fått med deg intervjuet, så kan du lese det her: http://bit.ly/prosjektnorgesmatfat

Post has attachment
Kunne du ha levd på berre norsk mat i eitt år?

Det gjer Lene Havåg og familien hennar i Prosjekt Norges matfat. Vi har snakka med henne om prosjektet, utfordringane og godene, og håper du vil la deg inspirere og.

Post has attachment
Lokale produsentar av mat og drikke opplever aukande interesse for produkta sine. Den 28. mars er det open temakveld hos Pyramidekafeen i Gaupne for å snakke om nettopp dette. Her blir det mange interessante innlegg mellom anna frå Lustramat, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Marås Hjort og Sognefjord Sjokolade.

Post has attachment
Norsk mat er ei kjempe som ligg i dvale, seier Allesandro Porcelli, den anerkjende kokken bak Cook it Raw. Er du einig?

Post has attachment
Går du med tankar om å bli lokalmatprodusent? Då kan desse fem tipsa frå Nationen vere nyttige.

Post has attachment
Svolten må noko godt å strøyme? Vi har skumma gjennom Netflix og NRK Tv-app. Tips til kva du kan sjå i helga finn du her.

#listegodt #netflix #cooked #chefstable #mykjemeir

Post has attachment
Åtvåring! Her finn du mange gode lokalmatfreistingar. bit.ly/godefreistingar #helgekos #lokalmat #listegodt

Post has attachment
Ny på lista!

Norsk Matglede, matfesten på høgfjellet på Geilo, har no komme med på lista vår over smaksfestar i 2017. Den går av stabelen 6-8. oktober. Takk til Line i Visit Geilo for tips!

Full oversikt finn du her: http://bit.ly/matfestivalar2017

Veit du om ein god matfestival som ikkje er på lista vår? Tips oss då vel ved å skrive ein e-post til sirilinn@kortmat.no.

#lokalmat #mat #matglede #matfest #matfestivalar2017 #visitGeilo #listegodt
Photo
Wait while more posts are being loaded