Profile cover photo
Profile photo
Willy André Bergstrøm
612 followers
612 followers
About
Willy André's posts

Post has attachment
Om ein skal gå langt utanfor det rasjonelle og anta at Jehova/Jahve (eller det særs kreative Gud) fins, og at einaste vegen til han er gjennom Jesus, er det svært mange såkalla kristne som vil få seg ei stygg overrasking ved perleporten.
"Listhaug, Sylvi... Vel... Kan ikkje akkurat sjå mange spor av å ha fulgt læra her. Her har du vel heller gjort døra låg og porten smal. Du kan appellere til sjefen, han er trass alt på ein tilgjevings- og toleransetripp, men det vil nok kreve at du faktisk angrar. Far hass er ikkje like rund i kantane, så det kan fort ende med avslag i neste instans sjølv om du kjem gjennom nålauget. Lat oss gjere som UDI og spare litt tid. Det blir den andre avdelinga på deg, og du kan nok berre gripe med deg Anita Apelthun Sæle frå bak i køa der i same slengen. Vi realitetsbehandlar ikkje gamaltestamentlege vestlendingar i denne stortingsperioden."

Post has attachment
Good news, bad news?
At bankane går saman om ei felles plattform er jo bra, og mi (begrensa) erfaring med Vipps og mCASH tyder på at dei har valgt riktig, men handlar dette berre om forbrukarane?

For meg ser det ut som dei norske bankane konsoliderer for å nok ein gong hindre at globale aktørar kjem inn på markedet. Heller enn å integrere seg mot Apple Pay og Android Pay slik at digitale betalingstenester blir tilgjengelig for tilreisande i Noreg og nordmenn utanlands skal ein låse seg ned i ein app (utvikla av outsourca indera under tvilsomme forhold) med ei halvgod løysing for betaling i kassa, og dermed skyte seg sjølv i foten igjen.

Både Vipps og mCASH er i dag meir tungvindt og tek lengre tid enn å bruke kortet. Du må åpne appen, slå kode eller scanne en QR-kode, vente på sync, vente enda litt meir, dei i kassa må trykke på ting, og tida går. Med mindre dei aukar utviklingstakta brutalt, forenklar kraftig, og kanskje får på plass ein hardwarekomponent, kan dei gløyme å bli foretrukke betalingsmiddel.

... eller dei kunne gjort som mange svært større bankar med mykje meir ressursar enn dei, innsett at eiga løysing er eit sidespor og integrert mot dei to konkurrerande og til dels verdsdominerande løysingene.

Post has attachment
Det er lenge sidan ein har vore einig med hr. Rolness om noko som helst, men her er han inne på noko.

Likestilling er viktig, men ein kan ikkje berre sjå på eine sida av vekta. Alle lover bør gjerast kjønnsnøytrale, og når det er gjort bør ein og sjå til at rettspraksis blir det og. Først då kan ein oppnå målet om full likestilling.

Post has attachment
Dette er saka som førte til +Dagbladet si overskrift "Ferske tall - Bare en tredel av innvandrere skriver 'bra nok' norsk."
Litt anna vinkling med andre ord.

No har jo Dagbladet lagt ned kommentarfeltet sitt, men meinar å hugse at det kun var ein tredel av Dagblad-lesarane som skreiv bra nok norsk og. Ser ein på VG sine felt kan ein nok justere det talet enno lågare ned.

Post has attachment
Google Cultural Institute har publisert denne artikkelen om kappløpet mot sørpolen. Ganske interessant, og ei kortfatta men bra framstilling.

Post has attachment
Ah, local pop-punk, basic and uncomplicated. Nice hearing this again.

Post has attachment
Har ein pengane og livsstilen til å sjå seg tent med ein slik ein kan ein ikkje klage.
To spenstige bygg frå Marin Teknikk og Kleven, og vel blåst må ein kunne seie det er.

Post has attachment
Når sekundene teller er vi bare minutter unna!
23 minutt høyres lenge ut isolert sett, men dei ligg jo akkurat rett på landssnittet for 2013 (http://www.abcnyheter.no/nyheter/2013/10/14/184169/politiets-responstid-er-23-minutter), og det er totalen inklusive alle tilfella av fyll der politiet sto ti meter unna. Med tanke på at landssnittet for væpna politioppdrag låg på 39 minutt i 2013 kan ein jo sei at responsen her ligg godt an?
Når rådmannen kritiserer, har han ikkje tala for resten av landet, eller er det slik at på austlandet er ein mykje betre vant?

Eg bur i Sykkylven, ei bygd litt inn i fjorden for Ålesund, som i følge politiet sine målsetninger burde hatt 14 politistillinger på lensmannskontoret i tillegg til evt. sivile stillinger (to per 1000 innbyggjarar), men sanninga er jo langt fra det. Siste tala eg høyrte var at i høve folketalet er Møre og Romsdal tynnast bemanna i landet, med berre ei politistilling per 1000 innbyggjarar. Finnmark er vel klart tynnast bemanna i antal politifolk per kvadratkilometer, utan at eg har tal på dette.
Her har ein delt vakt med Stranda og Stordal, så om patruljen er i Stordal når ein ringer tek det ein time eller to å komme seg tilbake til Sykkylven sentum. Frå Stranda sentrum, geografisk ca midt i området som samarbeider om vakta, kan dei rekke det på 20 minutt om dei køyrer som om både bil og bensin er stjelt, og livet kun er til låns. Ålesundspolitiet kan rekke det på ca ein halvtime om dei gir bånn gass frå stasjonen og treff ferja beint på.
Dette er då reine køyretider på tomme, tørre og fine vegar, ingenting sagt om dei må gjere om på utstyr eller andre førebuinger, og ingen slingringsmonn for vanleg vestlandsver eller vegstandard.
Med dette i tankane synes eg ikkje 23 minutt er ekstremt, spesielt ikkje når patruljen var på anna oppdrag, og responsen kom frå personell som hadde fri og måtte hente våpen og verneutstyr først.

Ein kan få mykje raskare respons, men då må ein vere villig til å betale kostnaden for det. Ei dobling av antal politifolk og dedikere alle dei nye stillingene til patrulje heller enn å ta unna andre oppgåver som i dag er nedprioriterte f.eks, det ville nok fått responstida ned ein del, men kva måtte ein ha prioritert vekk? Skattekutt? Eldreomsorg? Utdanning?

Post has attachment
Amen!
Når snøen kjem til Sykkylven (noko som faktisk er sjeldnare, heile Sunnmøre har hatt nokre merkelege vintrar i det siste) blir turen til og frå jobb mykje farlegare enn den var for nokre år sidan. Kommunen er heldigvis restriktive med salting, dei gjer ikkje på slikt, men fylkesvegen vert salta om det i det heile tatt er meldt sjanse for snø.
Dette gjer at eg får nokre hundre meter kvar dag med påfyll av salt som øydelegg svært mykje av veggrepet eg ellers ville hatt på resten av strekninga (vanleg brøyta veg).
Det er katastrofalt glatt i alle kryss mellom salta og usalta veg, og for mange som kjem frå den salta vegen er dette ofte ei veldig stygg overrasking.

Det er på tide med eit generelt saltforbod, og så kan ein heller gi dispensasjon for områder og strekninger der det er sterke tryggleiksargument for det.
Billigare brøyting er ikkje eit argument.

Post has shared content
Action Launcher by +Chris Lacy​​ just keeps getting better. The only thing I'm missing from the default launcher is swiping to enter Google Now, but the benefits far outweigh the minor drawback of having to click an icon instead.
Now, with the latest release, it's already got support for Android 7.1 and it's niftier UI features. The madman does it again!
Action Launcher's October 2016 update is OUT NOW

https://play.google.com/store/apps/details?id=com.actionlauncher.playstore

Four weeks ago Action Launcher debuted Quickcuts, bringing Android 7.1's app shortcuts to earlier versions of Android. In today's October 2016 update, Quickcuts are further enhanced with full support for dynamic Quickcuts when running Android 7.1.

This is particularly handy with the Phone and Messenger apps, which offer suggestions as to who you might want to contact next.

Other notable features in this update include an option to pick a global icon style for those Pixel owners who'd rather not look at half baked circular icons all the time, a complete makeover of the settings, new shortcuts to automatically open the keyboard when opening the All Apps drawer and more.

Full change log is:

• NEW: Full support for Android 7.1's dynamic shortcuts via Quickcuts (requires Android 7.1).
• NEW: Quickcuts, previously a Plus only feature, are now available to all.
• NEW: Add option to pick the global icon style. Allows one to use traditional icons rather than round icons when using a Pixel phone. Settings -> Display -> Icon style.
• NEW: When the dock and desktop have the same width, force the icons on the dock to have the exact same size and horizontal position as those on the desktop.
• NEW: Mimic final Pixel Launcher style All Apps. Notable changes include the app list displaying beneath the navigation bar and the use of full color.
• NEW: When opening the Pixel style All Apps drawer opens via a dock swipe, the speed it opens at is based on the speed of the swipe.
• NEW: When using Pixel style All Apps, swiping on the dock with two fingers will trigger All Apps search (with the keyboard on screen).
• NEW: Long pressing the caret page indicator triggers Quickfind (aka All Apps with the keyboard on screen).
• NEW: Completely revamped settings. Out with the teal, in with the Pixel blue!
• NEW: Remove 5 second delay when KustomLiveWallpaper loads apps.
• NEW: Add tooltips to help new users discover and understand Shutters and Quickcuts.
• NEW: Add setting for disabling all tooltips. Settings -> Help -> In-app tips.
• IMPROVEMENT: Update translations.
• CHANGE: Pixel Launcher related settings such as All Apps and folder style use "Pixel" name rather than "Nougat".
• FIX: When closing a Quickcut in a folder via an outside tap, close only the Quickcut, not the folder also.
• FIX: Fix a shortcut being converted back to a Quickcut after Quickcuts were disabled for that shortcut.
• FIX: Quickcut for jumping to Twitter's Direct Messages works again.
• FIX: Can't swipe shortcuts whilst All Apps is opening.
• FIX: Misc. stability fixes.

Note: Given Action Launcher's Quickcuts originally released before Pixel Launcher's app shortcut implementation was known, they look and behave somewhat differently. Personally I feel pretty good about how they function compared to Google's take (especially swipe 'n select), but I do know a great many people want to be able to mimic Pixel Launcher's look and feel here. I don't normally comment on future releases, but I'll make an exception here and confirm that in a future update, support will be added for a visual style for Quickcuts that more closely matches Pixel Launcher, as well has having them trigger via a long press, All Apps, dragging as shortcuts, etc.

Grab Action Launcher from the Play Store now. As always, if you'd see fit to leave me a review, I'd be very appreciative! https://play.google.com/store/apps/details?id=com.actionlauncher.playstore


Animated Photo
Wait while more posts are being loaded